Gerd Kanter




Gerd Kanter (fødd 6. mai 1979 i Tallinn) er ein estisk diskoskastar og olympisk meister for Estland. Hans personlege rekord i diskoskast, frå Helsingborg, 2006, er på 73,38 m. Dette er også estisk rekord og tredje lengst i verdshistoria. Berre Jürgen Schult (74,08 m) og Virgilijus Alekna (73,88 m) har kasta lengre.



Karriere |


Gerd Kanter deltok i sommar-OL 2004 i Aten, men enda der på ein 19. plass. I 2005 slo han gjennom, m.a. ved å ta sølv under VM i friidrett i Helsingfors. Kanter kasta for fyrste gong over 70 meter i 2005-sesongen.


Under EM i friidrett 2006 i Göteborg tok han ein ny sølvmedalje med eit kast på 68,03 m. I 2007 vart han verdsmeister under VM i friidrett 2007 i Osaka med eit kast på 68,94. Under sommar-OL 2008 i Beijing tok han olympisk gull med eit kast på 68,82 m; ein meter framfor andreplassen, Piotr Malachowski frå Polen.


I VM i friidrett 2009 i Berlin tok Kanter bronse. Under EM i friidrett 2010 i Barcelona enda han på fjerdeplass, men kom sterkare attende til VM i friidrett 2011 i Daegu, der han tok sølv, og kom på plassen etter gullvinnaren Robert Harting frå Tyskland. Under EM i friidrett 2012 i Helsingfors fekk han ei ny sølvmedalje, nok ein gong slått av Harting.


Gerd Kanter tevlar for Estland under sommar-OL 2012 i London.



Kjelde |



  • Denne artikkelen bygger på «Gerd Kanter» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juli 2012.



Bakgrunnsstoff |


Engelsk Wikipedia: Estland i sommar-OL 2012







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva