Sterk kuling






Verknaden sterk kuling har på sjøen


Sterk kuling er vindstyrke 8 i Beaufortskalaen og den sterkaste av kulingkategoriane med ein vindsnøggleik på 17,2–20,7 m/s eller 63-75 km/t. Den eldre sjønemninga er klossreva kuling




Innhaldsliste






  • 1 Verknad på land


  • 2 Verknad i fjellet


  • 3 Verknad på sjøen


  • 4 Andre språk


  • 5 Kjelder





Verknad på land |


Vinden brekk av kvister på tre. Det er særs tung å gå mot vinden.



Verknad i fjellet |


Fjellet står i kok. Kvister og lav frå trea driv med vinden. Det er særs vanskeleg å gå på ski, og nesten umogeleg å bere skia på nakken. Snøfokk set ned sikta til under 100 m og det er umogeleg å orientere seg i terrenget. Det er særs vanskeleg å følgje sjølv godt kvista løyper.



Verknad på sjøen |


Middel høge bølgjer (5,5 til 7,5 m) av større lengd. Bølgjekammane er ved å brytast opp i sjørokk, som driv i tydelege markerte strimer med vinden.



Andre språk |



























Språk Namn
Svensk Hård vind (på land), hård kuling/kultje (til sjøs)
Dansk Hård kuling
Færøysk Skrið
Islandsk Hvassviðri
Engelsk Gale eller fresh gale


Kjelder |



  • «Sterk kuling» i Store norske leksikon, snl.no.







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva