Terner
Terner | ||
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Aves | |
Orden: | Charadriiformes | |
Familie: | Laridae | |
Terner er eit utval av slektene i måsefamilien, Laridae. Ternene er slanke fuglar med lange venger og kløfta hale. Dei fleste lever ved kysten, på havet, andre i innlandet ved elvar og innsjøar. Terner finst utbreidd over heile verda med til saman 44 artar i 12 slekter. I nyare biologiske systematikk finn ein ofte ternene som ein medlem av eller underfamilie Sterninae av måsefamilien, Laridae.[1] Terner kan elles vere klassifiserte som ein sjølvstendig biologisk familie, ternefamilien, Sternidae.[2]
Innhaldsliste
1 Skildring
2 Artsliste terner
3 Kjelder
3.1 Fotnotar
4 Bakgrunnsstoff
Skildring |
Dvergterne, Sternula albifrons
Alveterne, Sternula nereis
Langnebbterne, Thalasseus elegans
Inkaterne, Larosterna inca
Mange terneartar som hekkar i tempererte soner er har lange trekkruter, mykje sannsynleg ser raudnebbterna meir dagslys enn nokon annan skapning, ettersom ho vandrar frå oppvekststader nord mot Arktis sør til Antarktis. Ein unge av raudnebbterne som blei ringmerka på Farne-øyane utanfor Nordaust-England sommaren 1982, nådde Melbourne i Australia i oktober same året, etter ei flyging på over 22 000 km over hav på berre tre månader. I gjennomsnitt er det 240 km per dag, og ei av dei lengste reisene som er registrert for nokon fugl.
Terner har kvit eller grå fjørdrakt, ofte med svart hette på hovudet. Dei har tynt, langt nebb og slankare og meir straumlinjeforma kroppsform enn måsar. Med lange halefjør og lange venger ser dei elegante ut i flukt. Terner i slekta Sterna har djupt gaffeldelte halar, i Chlidonias og inkaterne har mindre gaffeldelte halar, medan noddyar i slektene Anous, Procelsterna og Gygis har meir taggforma hale, dei midtytste halefjørene er dei lengste, ikkje dei sentrale eller dei ytste. Terner varierer i storleik frå dvergterne på 42 gram og 23 cm, til rovterne på 630 g og 53 cm.
Dei fleste terner, Sterna og noddyer, fangstar fisk ved stupdykking. Terner med våtmarkshabitat, Chlidonias, plukkar insekt frå overflata av ferskvatn. Terner har sjeldan glideflukt, men nokre få artar, og då spesielt sotterne, kan sveve høgt over havet. Terner sym sjeldan, jamvel om dei har symjehud på føtene, om dei då ikkje badar.
Terner hekkar i store, tettpakka koloniar. Reiret kan vere ei grop i bakken eller i sparsam samling av kvistar og flytande vegetasjon. Terner har generelt høg levealder til fuglar å vere, ein veit no at fleire artar kan leve i overkant av 25-30 år.
Artsliste terner |
Terner og noddyar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]
Slekt Anous
Brunnoddy, Anous stolidus, Brown Noddy, LC, Linné, 1758
Svartnoddy, Anous minutus, Black Noddy, LC, Boie, 1844
Smånoddy, Anous tenuirostris, Lesser Noddy, LC, Temminck, 1823
Slekt Procelsterna
Grånoddy, Procelsterna albivitta, Gray Noddy, LC, Bonaparte, 1856
Blånoddy, Procelsterna cerulea, Blue-gray Noddy, LC, Bennett, 1840
Slekt Gygis
Silketerne, Gygis alba, White Tern, LC, Sparrman, 1786
Slekt Onychoprion
Sotterne, Onychoprion fuscatus, Sooty Tern, LC, Linné, 1766
Polynesiaterne, Onychoprion lunatus, Gray-backed Tern, LC, Peale, 1848
Tygleterne, Onychoprion anaethetus, Bridled Tern, LC, Scopoli, 1786
Beringterne, Onychoprion aleuticus, Aleutian Tern, LC, Baird, 1869
Slekt Sternula
Dvergterne, Sternula albifrons, Little Tern, LC, Pallas, 1764
Amerikadvergterne, Sternula antillarum, Least Tern, LC, Lesson, 1847
Amazondvergterne, Sternula superciliaris, Yellow-billed Tern, LC, Vieillot, 1819
Alveterne, Sternula nereis, Fairy Tern, VU, Gould, 1843
Perudvergterne, Sternula lorata, Peruvian Tern, EN, Philippi & Landbeck, 1861
Arabardvergterne, Sternula saundersi, Saunders's Tern, LC, Hume, 1877
Benguelaterne, Sternula balaenarum, Damara Tern, NT, Strickland, 1852
Slekt Phaetusa
Tjukknebbterne, Phaetusa simplex, Large-billed Tern, LC, Gmelin, 1789
Slekt Gelochelidon
Sandterne, Gelochelidon nilotica, Gull-billed Tern, LC, Gmelin, 1789
Slekt Hydroprogne
Rovterne, Hydroprogne caspia, Caspian Tern, LC, Pallas, 1770
Slekt Larosterna
Inkaterne, Larosterna inca, Inca Tern, NT, Lesson, 1827
Slekt Chlidonias
Svartterne, Chlidonias niger, Black Tern, LC, Linné, 1758
Kvitvengsvartterne, Chlidonias leucopterus, White-winged Tern, LC, Temminck, 1815
Kvitkinnsvartterne, Chlidonias hybrida, Whiskered Tern, LC, Pallas, 1811
Maoriterne, Chlidonias albostriatus, Black-fronted Tern, EN, Gray, 1845
Slekt Sterna
Rosenterne, Sterna dougallii, Roseate Tern, LC, Montagu, 1813
Nyzealandterne, Sterna striata, White-fronted Tern, LC, Gmelin, 1789
Svartnakketerne, Sterna sumatrana, Black-naped Tern, LC, Raffles, 1822
Makrellterne, Sterna hirundo, Common Tern, LC, Linné, 1758
Raudnebbterne, Sterna paradisaea, Arctic Tern, LC, Pontoppidan, 1763
Svaleterne, Sterna hirundinacea, South American Tern, LC, Lesson, 1831
Sørhavsterne, Sterna vittata, Antarctic Tern, LC, Gmelin, 1789
Prærieterne, Sterna forsteri, Forster's Tern, LC, Nuttall, 1834
Svartøyreterne, Sterna trudeaui, Snowy-crowned Tern, LC, Audubon, 1838
Svartbukterne, Sterna acuticauda, Black-bellied Tern, EN, Gray, 1832
Flodterne, Sterna aurantia, River Tern, NT, Gray, 1831
Kvitkinnterne, Sterna repressa, White-cheeked Tern, LC, Hartert, 1916
Kerguelenterne, Sterna virgata, Kerguelen Tern, NT, Cabanis, 1875
Slekt Thalasseus
Kongeterne, Thalasseus maximus, Royal Tern, LC, Boddaert, 1783
Hinduterne, Thalasseus bergii, Great Crested Tern, LC, Lichtenstein, 1823
Splitterne, Thalasseus sandvicensis, Sandwich Tern, LC, Latham, 1787
Langnebbterne, Thalasseus elegans, Elegant Tern, NT, Gambel, 1849
Bengalterne, Thalasseus bengalensis, Lesser Crested Tern, LC, Lesson, 1831
Kinaterne, Thalasseus bernsteini, Chinese Crested Tern, CR, Schlegel, 1863
Raudnebbterne og makrellterne er vanlege hekkefuglar i Noreg medan dvergterne, splitterne og rovterne har hekka sporadisk.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger dels på «Tern» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2009
- Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
- Schreiber, Elizabeth A. & Burger, Joanne (2001) Biology of Marine Birds, Boca Raton:CRC Press, ISBN 0-8493-9882-7
- Svensson, Lars et al, (1999) Gyldendals store fugleguide, Gyldendal ISBN 82-05-25554-7
Clementslista frå desember 2008. Nedlasting av lista, lese 5. juli 2009]
Fotnotar |
↑ Til dømes i Biology of Marine Birds, side 74
↑ I Gyldendals store fugleguide side 184 er eit døme.
↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)