2010












< 2010 >




2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012






  • Vitskap i 2010















2010 (MMX med romartal) i den gregorianske kalenderen er eit år utan skotdag som byrja på ein fredag.




Innhaldsliste






  • 1 Hendingar


    • 1.1 Jubilé




  • 2 Hendingar


    • 2.1 Utlandet


    • 2.2 Noreg




  • 3 Fødde


  • 4 Døde





Hendingar |



Jubilé |



  • 400 år sidan Jupitermånane Io, Europa, Ganymede og Callisto vart oppdaga av Galileo Galilei.

  • 200 år sidan Grito dei Dolores som førte til at Mexico starta sjølvstendekrigen.

  • 200 år sidan Ole Bull vart fødd 5. februar 1810

  • 200 år sidan Peter Andreas Munch vart fødd 15. desember 1810

  • 100 år sidan Den internasjonale kvinnedagen blei innstifta etter initiativ frå Clara Zetkin (8. mars)

  • 100 år sidan Norsk Presseforbund og Mediebedriftenes Landsforening vart etablert (dato ukjent)

  • 100 år sidan Noregs Tekniske Høgskule i Trondheim opna (15. september)

  • 100 år sidan Trondhjems Studentersangforening i Trondheim vart stifta (18. oktober)

  • 100 år sidan Bjørnstjerne Bjørnson døydde (26. april)

  • 50 år sidan SI-systemet vart utforma

  • 50 år sidan Jacques Piccard og Don Walsh i USS Trieste som dei første menneska nådde botnen av Challenger-djupet i Marianegropa i Stillehavet (23. januar)

  • 50 år sidan NRK starta sendingane sine på norsk fjernsyn

  • 30 år sidan Finnmarksløpet vart arrangert for første gongen.

  • 20 år sidan Hubble Space Telescope vart skote opp (24. april)



Hendingar |



Utlandet |




  • 1. januar: Spania tok over formannskapet i Rådet for Den europeiske unionen.

    • Ein sjøvlmordsbombar drap minst 95 personar og skadar over 100 under ein volleyballkamp i nordvestre Pakistan.

    • Den danske karikaturteiknaren Kurt Westergaard blei utsett for eit drapsforsøk i heimen sin.

    • Minst 75 menneske døydde som følgje av jordskred og flaum i den brasilianske delstaten Rio de Janeiro. Flaumen førte òg til at landet sitt einaste atomkraftverk måtte stengast.




  • 4. januar: Det 828 meter høge Burj Khalifa blei opna.


  • 5. januar: Den islandske president Olafur Ragnar Grimsson nekta å skrive under på ein lov om tilbakebetaling av gjeld til England og Nederland, men kravde folkerøysting om loven.


  • 6. januar: Ein sjølvmordsbombar drap seks politimenn ved byen Makhatsjkala i Dagestan i Russland.
    • Labour-politikarane Patricia Hewitt og Geoff Hoon prøvde å samle nok stemmar i det britiske parlamentet til å avsetje statsminister Gordon Brown.



  • 7. januar: Sju rakettar blei avfyrt mot Israel frå Gaza. Israelske kampfly bomba tre mål i Gaza.
    • Ein 51 år gammal mann skaut mot personalet med ein AK-47 på eit ABB-kontor i den amerikanske byen St. Louis. Sju personar blei treft av skota, tre av dei døydde. Gjerningsmannen tok deretter sitt eige liv.



  • 8. januar: Spelarbussen til Togo sitt herrelandslag i fotball blei skoten på med maskingevær då dei kom til Angola for å spela i Afrikameisterskapen. Bussjåføren og to personar i laget sitt støtteapparat blei drepne, medan fleire blei alvorleg skadt. Separatistrørsla Kampen for fridom for Kabinda-enklaven skal ha stått bak angrepet.


  • 10. januar: Kroatia heldt andre valomgang i presidentvalet. Ivo Josipović blei valt til ny president med 60,3% av stemmane.


  • 11. januar: Chile blei det første søramerikanske landet i Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD).


  • 12. januar: Eit jordskjelv på Haiti mælte 7.0 på Richters skala, og gjorde store skadar i hovudstaden.
    • Heineken overtok FEMSA Cerveza.



  • 14. januar: Ein sjølmordsbombar tok livet av minst 20 personar i byen Dihrawud i Afghanistan.

    • Tre bomber eksploderte i byen Najaf i Irak og drap minst 25.


    • Dommedagsklokka blei stilt eitt minutt tilbake.




  • 15. januar: Ringsolformørking, den lengstvarande slike på heile 2000-talet, kunne sjåast i Afrika og Asia.


  • 17. januar: Chile heldt andre valomgang i presidentvalet. Den konservative Sebastián Piñera vinn, med 51,6% av stemmane.

    • Ukraina heldt første valomgang i presidentvalet. Viktor Janukovytsj og Julija Tymosjenko gjekk vidare til andre valomgang.

    • Kampar mellom kristne og muslimar i den nigerianske byen Jo sin byrjar. Fleire hundre blir drepe i løpet av dei neste dagane.




  • 19. januar: Republikanske Scott Brown vann eit senatorsete i suppleringsvalet i Massachusetts.

    • Japan Airlines (JAL) blei slått konkurs.



  • 23. januar: Seks TV-kanalar i Venezuela blei stengt fordi dei ikkje viste talane til president Hugo Chavez. Å gjera dette hadde vore lovfesta sidan desember 2009.


  • 25. januar: Ali Hassan al-Majid blei avretta i Irak.
    • Ethiopian Airlines Flight 409 styrta i Libanon.



  • 26. januar: Sri Lanka heldt presidentval. Mahinda Rajapaksa blei gjenvald.


  • 27. januar: Apple offentleggjorde notatblokk-PCen iPad.


  • 31. januar: Statoil og LUKoil skreiv kontrakt for 20 år for West Qurna 2-feltet i Irak.
    • 16 personar vart massakrerte under ein ungdomsfest i den meksikanske byen Juárez. Dei vart drepne av ein narkotikabande som trudde festdeltakarane var gjengmedlemmer.



  • 12.–28. februar: Vinter-OL 2010, dei 21. olympiske vinterleikane, blei skipa til i Vancouver i Canada.


  • 12.–21. mars: Vinter-paralympics 2010 i Vancouver i Canada.



Noreg |




  • 1. januar:Åsgårdstrand, Moelv og Brumunddal fekk bystatus.

    • Båtførarprøven blei obligatorisk for førarar av store fritidsbåtar.

    • Synleg oppstilling av tobakksvarer blei forbode i Noreg.

    • Inkassosatsene i Noreg blei redusert.

    • Den nye utlendingsloven kom i kraft i Noreg.

    • Forskriften om kommunal beredskapsplikt kom i kraft.

    • Ansvarsgrensene i sjøloven for erstatningskrav ved opprydding etter sjøulykker blei heva.


    • P5, P4 sine nye lokalradiokanalar i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger, starta sendingane sine.




  • 4. januar: NRK Super lanserte eigne nyheitssendingar for born, Supernytt.


  • 6. januar: Ny kulderekord for Buskerud med –38,9 °C på Dagali flyplass.

    • I timen mellom kl 8 og 9 blei det sett ny rekord for forbruk av straum i Noreg. 23 967 MWh/h blei brukt.

    • 11. januar: Luftkvaliteten i Bergen blei mælt til den dårlegaste blant Europas byar.




  • 15. januar: Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité heldt ei open høyring om dei store problema med NAV-reforma.
    • For å få ned luftforureininga i Bergen blei det innført restriksjonar på biltrafikken inn til sentrum.



  • 16. januar: Noreg toppa som året før SN si liste over menneskeleg utvikling, HDI.


  • 26. januar: Hønefoss kyrkje brann ned.


  • 18.–24. januar: Tromsø Internasjonale Filmfestival i Tromsø.



Fødde |


Sjå òg Fødde i 2010.




Døde |




Presiden Kaczyński i Polen omkom i ei flyulukke 10. april, her på paradeseng i presidentpalasset


Sjå òg Døde i 2010.



  • 27. januar: J.D. Salinger, USA-amerikansk forfattar

    • Howard Zinn, USA-amerikansk historikar



  • 11. februar: Alexander McQueen, britisk moteskapar


  • 25. mars: Pål Bang-Hansen, norsk filmjournalist


  • 21. april: Gustav Lorentzen, «Ludvigsen» i duoen Knutsen og Ludvigsen.


  • 10. april: Lech Kaczyński, president i Polen


  • 9. mai: Lena Horne, USA-amerikansk songar


  • 5. juni: Arne Nordheim, norsk komponist


  • 18. juni: José Saramago, portugisisk forfattar


  • 8. juli: Anders Bratholm, norsk jurist


  • 9. juli: Basil Davidson, britisk historikar


  • 5. september: Ludvig Eikaas, norsk målar


  • 5. oktober: Jack Berntsen, norsk musikant


  • 12. oktober: Tikken Manus, norsk motstandskvinne


  • 27. oktober: Nestor Kirchner, argentinsk president



<<   2000-talet   >>

<< 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | 2024 | 2025 | 2026 | 2027 | 2028 | 2029 | 2030 | 2031 | 2032 | 2033 | 2034 | 2035 | 2036 | 2037 | 2038 | 2039 | 2040 | 2041 | 2042 | 2043 | 2044 | 2045 | 2046 | 2047 | 2048 | 2049 | 2050 | 2051 | 2052 | 2053 | 2054 | 2055 | 2056 | 2057 | 2058 | 2059 | 2060 | 2061 | 2062 | 2063 | 2064 | 2065 | 2066 | 2067 | 2068 | 2069 | 2070 | 2071 | 2072 | 2073 | 2074 | 2075 | 2076 | 2077 | 2078 | 2079 | 2080 | 2081 | 2082 | 2083 | 2084 | 2085 | 2086 | 2087 | 2088 | 2089 | 2090 | 2091 | 2092 | 2093 | 2094 | 2095 | 2096 | 2097 | 2098 | 2099 >>










Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva