Fenrisulven

Multi tool use

Fenrisulven på Ledbergsteinen.
Foto: Olof Ekström
Fenrisulven (norrønt Fenrisulfr eller Fenrir), òg kjend som Vånagand (norrønt Vánagandr) er i norrøn mytologi ein stor ulv. Fenrisulven er son av Loke og Angerboda, og har to sysken; dødsgudinna Hel og Midgardsormen.
Livssoge |
Fenrisulven såg fyrst ut som ein liten hundekvelp, og Odin tok han difor med til Åsgard, der æsene budde. Alle spådomar sa at han kom til å skapa ugreie for æsene. Då dei såg at han voks og vart større og større ville dei difor binda han.
Fyrst prøvde dei med lekkja Løding, men denne heldt ikkje. Dinest prøvde dei med lekkja Drome, som var dobbelt så kraftig. Det gjekk like dårleg.

Ty og Fenrisulven av John Bauer (1911)
Då sendte Odin Skirne til nokre dvergar i Svartalvheimen for å få dei til å laga ei lekkje som var sterk nok. Lekkja Gleipne vart laga av seks ting som ingen lenger kan finna: fisken sin pust, kvinneskjegg, fuglane sitt sputt, fjella sine røter, lyden av katteføter og bjørnane sine sener. Difor finst ikkje desse tinga den dag i dag. Gleipne var tynn og mjuk som eit silkesnøre, men sterkare enn alle andre lekkjer.
Nok ei gong måtte æsene lura Fenris. Dei lokka ulven med seg ut på den litle øya Lyngve i sjøen Åmsvartne. Dei sa at om han ikkje greidde å øydeleggja denne lekkja, var han så svak at æsene ikkje hadde grunn til å frykta han. Soleis ville dei i så fall sleppa han fri. Fenris hadde mistanke om at dei prøvde å lura han, og kravde at nokon heldt handa si i kjeften hans. Berre Ty torde dette. Han la høgre hand i kjeften til Fenris. Fenris prøvde å rista seg laus, men lekkja vart berre strammare, og rivna ikkje. Slik mista Ty armen sin.
Fenris glefsa etter dei, men dei stakk eit sverd inn i kjeften på han. Spissen var opp slik at han ikkje kunne bita. Siklet hans vart til elva Vån. Det blei sagt at når Fensisulven kom seg laust, ville Ragnarok ta til.
Sjå òg |
Fenriskjeften – ei fjellrekkje i Dronning Mauds Land i Antarktis. Den høgaste toppen heiter Ulvetanna (2931 moh.).
Bakgrunnsstoff |
- Skoletorget om Loke og borna hans
idMxHsFXjHDQf5 r2,1kcxGI45deY5
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...