Bergkunst






Helleristing i Canada.


Bergkunst er eit arkeologisk omgrep brukt om symbol og bilete som er blitt måla, rissa eller skore ut i steinar, fjell eller berggrunn, som regel i førhistorisk tid.


Helleristingar er ei form av kunsten der figurar er skorne ut i berget, og er den vanlegaste forma for bergkunst i Skandinavia. Bergkunst kan òg finnast i fjellholer, som holemåleri.




I helleristingsområdet i Alta kan ein mellom anna sjå ein mann som fiskar. I Noreg er det vanleg å måla opp helleristingar med raudmåling.


Bergkunst er ein svært viktig historisk kjelde til korleis menneska levde i førhistorisk tid, særleg i steinalderen, som det finst få andre kulturlevningar frå. Ein kan til dømes lesa mykje om viktige matvegar, som jakt og fiske, ut frå kunsten. På den andre sida er det vanskeleg å vita kvifor kunsten er der–blei han laga for å hugsa, underhalda, utføra magi eller i samband med rituelle handlingar?



Kjende bergkunststader |


Holemåleria i Lascaux i Frankrike står på UNESCO si verdsarvliste. Det same gjer helleristingsområdet i Alta.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bergkunst



  • Bergkunst.net

  • Truga bergkunst i Norge


  • Om vern av bergkunst ved Tromsø museum

  • Levande bergkunst i Mosambik

  • Riksantikvaren om bergkunst



Litteratur |



  • Gro Mandt og Trond Lødøen: Bergkunst : helleristningar i Noreg, Oslo Det Norske Samlaget 2005 ISBN 82-521-6227-4

    Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva