Helheim






Ei skjematisk framstilling av dei ni verdene i norrøn mytologi plasserer helheimen nedst.


Helheim, Helgardh eller ganske enkelt Hel er i norrøn mytologi eit dødsrike, heimen til gudinna Hel. Der herskar ho over dei døde som ikkje kjem til Åsgard. Dei som døyr i kamp, og ikkje på sotteseng, kjem til Valhall eller Folkvang hjå æsene.



Mytologisk geografi |


Helheim ligg i verda Nivlheim, under den tredje rota til verdstreet Yggdrasil. Nivlheim er ein kald stad og den nedste av alle verdene. Namnet Nivlheim tyder skoddeheimen eller tåkeheimen. I Helheim går dei døde kring som skuggar i skoddeheimen. Vegen til Helheim, helvegr, går nord og ned og over Gjallarbrua.


Over Gjallarbrua kjem ein til jernskogane. Grantrea er endra til svarte metalltre, kvar ei nål er skarp som ein dolk. Etter kvart tek jernskogen slutt, og dei svarte trea i Nivlheim kjem att. Om ei stund kjem ein til byen Valgrind. Valgrind er Hel sin by, vakta av ulven Garm ved hola Gnipa.


Nastrond, der dragen Nidhogg gnagar på rota til Yggdrasil, skal grensa opp til eller vera ein del av Helheim. Nastrond vert omtala som dei døde si strand. Helheim ligg ved den kalde kjelda eller brunnen Hvergelmir. Elva Gjall eller Gjoll flyt frå Hvergelmir i fjella i Nivlheim og omkrinsar Helheim. Elva Gjall skal det vera umogleg å kryssa ut av Helheim. Sjølv ikkje gudar kan koma seg ut av Helheim. Inngangen til Helheim er vakta av Garm, ein monsterliknande og stor hund. Modgud, tenarinna til Hel, står vakt ved Gjallarbrua. Brua er brulagd med gull og er den einaste vegen inn til Helheim. Vatnet i elva Gjall er for ein stor del skum og virvelstraumar der det flyt bein og skjelettdelar. Dei som kjem ut i elva vert snøgt rivne sund mot botnen av elva.


Den gigantiske Hraesvelg («liketar») sit på enden av verda, og ser ut over Helheim. I form av ei ørn med flagrande venger får han vinden til å blåsa.



Opphav |


Odin kasta Hel ned til Nivlheim, ettersom han var redd for kva Hel og brørne hennar kunne gjera mot æsane. Ho fekk herredømet der og bygde seg eit rike. Helheimen var ikkje eit helvete som ein vart sendt til som straff for vonde gjerningar, han minna meir om andre gamle europeiske dødsrike, til dømes det greske Hades. Snorre Sturlason seier i sine soger at alle som døyr av elde eller sjukdom hamnar hjå henne, men truleg kom alle som ikkje vart henta av valkyrjene til Åsgard dit. Balder, som vart skoten av ei pil under leik, hamna mellom anna hjå Hel.



Sjå òg |



  • Hades

  • Helvete




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva