Heidi Zurbriggen




Heidi Zurbriggen (fødd 16. mars 1967) frå Saas-Almagell i kantonen Valais i Sveits, er ein sveitsisk, tidlegare skirennar. Ho vann to VM-sølv i utfor og tre enkeltrenn i verdscupen i alpine greiner. Pirmin Zurbriggen er ein eldre bror.



Aktiv |


Zurbriggen kom første gongen på pallen i verdscupen 12. desember 1986 då ho kom på tredjeplass i utfor i Val-d’Isère. I desember 1987 vart ho skadd under trening og mista resten av sesongen. Under verdsmeisterskapen i alpint 1989 i Vail kom ho på fjerdeplass i utfor, fire hundredels sekund bak bronsevinnaren.


Under VM i alpint 1996 i Sierra Nevada fekk Zurbriggen sølvmedalje i utfor bak Isolde Kostner. 6. mars 1996 vann ho sin første av totalt tre sigrar i verdscupen, då ho vann i utforløypa i Kvitfjell i Øyer. Ho tok endå eit VM-sølv i utfor under VM i alpint 1997 i Sestriere, seks hundredelar bakom Hilary Lindh frå USA.


Zurbriggen la opp i 1997.



Sigrar i verdscupen |



























Dato
Sted
Land
Disiplin
6. mars 1996 Kvitfjell Noreg Utfor
11. januar 1997 Bad Kleinkirchheim Austerrike Utfor
23. januar 1997 Cortina d'Ampezzo Italia Utfor




Bakgrunnsstoff |






  • Resultatoversikt hos FIS (engelsk)

  • Heidi Zurbriggens heimeside





  • Denne artikkelen bygger på «Heidi Zurbriggen» frå Wikipedia på tysk, den 13. januar 2012.








Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?