Ronneby
Koordinatar:
Ronneby er ein tettstad og administrasjonssenteret i Ronneby kommun i Blekinge län. Han ligg ved Ronnebyån og Europaveg 22.
Dei eldste stadsprivilegia er frå 1387, og han vart igjen by i 1882. Ronneby har tradisjon for ein stor verkstadsindustri. Ronneby brunn var tidlegare ein kurstad, med jernhaldige kjelder som vart oppdaga i 1705, men det er i dag eit konferansehotell på staden. Hotellet ligg rett ved sidan av Brunnsparken og Brunnsskogen. Staden er ein gammal handelsplass og Ronneby har òg vorte kalla «hjartet i Sverige sine hagar». I 2005 vart brønnparken kåra til den vakraste parken i Sverige.
I og med freden i Roskilde i 1658 vart Blekinge svensk.
Kjelde |
- Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Ronneby» på Wikipedia på svensk.
Kultursenteret i Ronneby
Munketrappa med Heliga Kors kyrka i bakgrunnen
Ronneby gamla vattentorn
Gammalt postkort med Ronneby og Ronnebyån
|