Karlshamn




Koordinatar: 56°10′N 14°51′E




Hamna i Karlshamn


Karlshamn er ein tettstad og administrasjonssenteret i Karlshamns kommun i Blekinge län i Sverige.


Karlshamn ligg der Mieån renn ut i Austersjøen og har ei av dei viktigaste, djupaste og største hamnene i Sverige. Europaveg 22 går gjennom byen, og det gjer også jernbana mellom Kristianstad og Karlskrona.


I Karlshamn ligg Aarhus Karlshamn (AAK) som produserer vegetabilsk feitt for næringsmiddel og kosmetikk. Før fusjonen med Aarhus United heitte føretaket Karlshamns AB, Sojan. Byen er òg kjend for meieriprodukta sine, som i dag ikkje vert laga i byen. Frå gammalt avhar òg ein punsj namn frå byen.


Karlshamn var frå byrjinga av ei dansk fiskehamn med namn Bodekull. Kong Karl X Gustav grunnla ein by på denne staden grunna plasseringa ut mot Austersjøen, samt den vesle øya Frisholmen i hamneinnløpet i byen, der det seinare vart bygd ei borg som fungerte som forsvar. I 1664 fekk byen stadsprivilegium og i 1666 namnet Karlshamn etter grunnleggjaren. Staden voks, men levde delvis i skuggen av Karlskrona.


1800-talet innebar ein skikkeleg oppsving for byen, med mange innflytte tyske kjøpmenn og auka skipsfart og handel. På 1800-talet vart det bygd to jernbaner til byen, Blekingebanan og Karlshamn–Vislanda som var ei smalspora 1067 mm-bane. Også den fyrstnemnde bana var smalspora, men vart på 1950-talet bygd ut til ei normalspora bane. På same tid vart jernbanestasjonen flytt til ein ny stad i utkanten av sentrum, ved Pengaberget.


Austover langs kysten ligg Hällaryds skärgård.



Kjelde |


  • Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Karlshamn» på Wikipedia på svensk.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva