Hane






Galande hane frå Filippinane.


Hane (norrønt hani) er namnet på hannen av tamhøns. Det kan også visa til hannfuglen hjå andre hønsefuglar saman med artsnamnet, som i kalkunhane, fasanhane, orrhane, påfuglhane og så vidare.[1] Motsvaret for hoer er høne, medan avkommet som regel blir kalla kylling.


Hanar er kjenneteikna av galing og at visse fjører er lengre, meir skinande og gjerne meir fargerike enn dei til høner av same art. Dei er særleg kjenneteikna av lange fjører i halen og rundt halsen.
Hanar har gjerne større og meir opprette kammar enn høner. Dei har også større sporar, eller sporar der hønene ikkje har spore.[2]




Innhaldsliste






  • 1 Hanegaling


  • 2 Bruk


    • 2.1 Hanekamp


    • 2.2 Kapunar




  • 3 Hanar i kulturen


    • 3.1 Mytologi og folketru


      • 3.1.1 Antikken




    • 3.2 Hinduismen


      • 3.2.1 Norrøn mytologi


      • 3.2.2 Kristendom og europeisk folketru




    • 3.3 Hane som symbol




  • 4 Andre tydingar av ordet hane


  • 5 Kjelder





Hanegaling |




Fil:Rooster crowing small.ogvSpel av media

Video av ein galande hane.




Det lange galet til ein Bergische Kräher.


Dei fleste hanar byrjar å gala før dei er fire månader gamle.
Utvikling av galing og lengre halsfjører er nokre av dei sikraste teikna på kjønnet til høns.[3]


Sjølv om ein gjerne knyter hanegal til morgongryet, like etter at hanen vaknar opp, kan hanar gala kva tid som helst på dagen. Kor mykje hanar gjel i løpet av dagen varierer mellom individ og typar.



Bruk |



Hanekamp |




To hanar i kamp i Tamil Nadu.


Hanekamp er ei tevling mellom to hanar som ein set mot kvarandre for å slost.
Ein utbreidd teori om domestiseringa av høns seier at det først og fremst var for denne bruken folk heldt fuglane, og ikkje for egga eller kjøtet.[4]
Kampen kan enda med død eller store skadar for hanane som tek del, og aktiviteten er forboden i fleire land.[5]



Kapunar |


Kapun er ein hane som er blitt kastrert tidleg i livet. Dette er ein tradisjonell måte å oppnå ein slaktefugl med velsmakande kjøt på, men kapunering er forbode fleire stader, som i Noreg.[6]



Hanar i kulturen |



Mytologi og folketru |



Antikken |




Bilde av Athene og to hanar på søyler på ein gresk vase frå 500-talet f.Kr.


I gresk mytologi symboliserte hanen kamplyst og årvakenheit. Han var knytt til krigsguden Ares, solguden Helios og Foibos Apollon. Ein meinte at hanen var eit offer gudane sette særleg stor pris på. Ein brukte difor ofte hanar som offerdyr, mellom anna til guden for legekunst, Asklepios, av sjuke som var blitt friske. Hanen var også knytt til andre guddommar, som Hermes og Pallas Athene, og er ofte avbilda i gresk kunst.[7]


I det gamle Persia trudde ein at hanegal jaga bort vonde ånder.[7]
I parsismen var hanen ei symbol på lys som var knytt til det gode sin kamp mot det vonde.[8]



Hinduismen |


Innan nokre former for hinduisme blir hanekamp brukt som eit religiøst rituale. I balinesisk hinduisme er skikken kjend som Tabuh Rah, og det spilte blodet skal verka reinsande og skremma vekk vonde ånder. Hanekampar som følgjer komplekse rituelle reglar finn gjerne stad utanfor tempel.[9]
Altar til og avbildingar av guddommen Ida Ratu Saung kan visa kamphanar.[10]


Innan theyyam-tradisjonen i Nord-Malabar i Kerala blir hanar ofra til gudane gjennom ein hanekamp. Dette er ein skikk som skil seg frå vedisk eller sattvisk hinduisme, djainisme og buddhisme.[11]
Ein finn likevel også hanekampar i samband med indisk høgtider andre stader, som pongal og makar sankranti i Tamil Nadu og Gujarat.[12]



Norrøn mytologi |


I norrøn mytologi er tre hanar som gjel eit teikn på Ragnarok. Ein av dei er den gylne Gullinkambi hjå æsene, ein annan er raud og høyrer til hjå jotnane, og ein er sotraud og finst i Helheim.
Også i norrøn tradisjon hadde hanen symbolsk tyding og blei ofra til gudane.[7]



Kristendom og europeisk folketru |


I kristendommen var hanen også symbol på årvakenheit, og hanegal om morgonen stod for frelse frå vonde makter. Men han blei også eit symbol på apostelen Peter si fornekting av Jesus.[7]


I Europa i mellomalderen tok ein galing til uvanlege tider og stader som eit dårleg varsel. I gammal norsk folketru kunne det til dømes vera eit dårleg varsel om hanen gol om kvelden. Då skulle ein kjenna på føtene til hanen, og om dei var varme, varsla dei om brann, mens om dei var kalde, varsla dei om drukning. Hanen kunne også hjelpa til med å finna lik etter drukningsulukker. Om ein tok hanen med seg i båten, meinte ein at han ville gala når han var over liket.[7]


«Den raude hanen» blei eit utbreidd symbol på eldbrann.[7]



Hane som symbol |




Kvinne med stor Barcelos-hane.


Den galliske hanen er eit nasjonalsymbol for Frankrike og for Vallonia.[13]


Barcelos-hanen er ein karakteristisk hane som er eit kjenneteikn for Portugal.



Andre tydingar av ordet hane |


«Hane» eller «hone» (av norrønt haðna) kan også visa til ei geit som ikkje har hatt eit kje, tilsvarande kvige hjå kyr.[1]


Vidare kan «hane» visa til ei rekkje ting som minner om eller har minna om forma til ein hane, som vasshane for vasskran), hane om slaghammeren på eit skytevåpen, eller vêrhane om ein
haneforma mekanisme som viser kva veg vinden bles.[1]



Kjelder |




  1. 1,01,11,2 «hane» i Nynorskordboka.


  2. «Telling the Difference Between a Rooster and a Hen». Birdtrader. 9. desember 2010. 


  3. Read, Gina. «Sexing Chickens». Keeping Chickens Newsletter. keepingchickensnewsletter.com. Henta 5. juli 2008. 


  4. «Domestication». Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica, inc. 31. mars 2017. 



  5. «Hanekamp». Store norske leksikon. 14. februar 2009. 




  6. «Kapun». Store norske leksikon. 14. februar 2009. 



  7. 7,07,17,27,37,47,5 Winther, Truls Olav; Alver, Brynjulf (7. november 2011). «Hane». Store norske leksikon. 


  8. Colin Spencer (15 May 1995). The Heretic's Feast: A History of Vegetarianism. s. 60. 


  9. Joshua Eliot; Liz Capaldi; Jane Bickersteth (2001). Indonesia Handbook (3rd utg.). Footprint - Travel Guides. s. 450. ISBN 1900949512. 


  10. Hildred Geertz (January 2004). The Life of a Balinese Temple: Artistry, Imagination, and History in a Peasant Village. University of Hawaii Press. s. 86–87. ISBN 978-0-8248-2533-1. 


  11. Theyyam almost forgotten Dance form of North Malabar (Kerala)


  12. Police move against cockfight faces opposition - The Hindu – KERALA - 10 January 2008


  13. «Drapeau wallon». L'Institut Destrée. Henta 1. februar 2018. 



  • Denne artikkelen bygger på «Hane» frå Wikipedia på bokmål, den 31. januar 2018.



  • Delar av denne artikkelen bygger på «Rooster» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2018.








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva