Stevie Wonder




































Stevie Wonder

Stevie Wonder.jpg
Stevie Wonder under ein konferanse i Salvador i Brasil i juli 2006
Verkeleg namn Stevland Hardaway Judkins
Alias Stevland Hardaway Morris, Little Stevie Wonder, Eivets Rednow
Fødd
13. mai 1950 (68 år)
Saginaw i Michigan,
USA
Saginaw
Instrument

piano, munnspel


Sjanger
pop, soul, funk
Aktive år 1961 til i dag
Yrke Songar og låtaskrivar, multi-instrumentalist, plateprodusent, aktivist

Stevie Wonder eller Stevland Morris Judkins Hardaway (fødd 13. mai 1950 i Michigan) er ein amerikansk låtskrivar, songar, pianist og harmonikaspelar. Han vart først kjent under artistnamnet Little Stevie Wonder i 1962.


Stevie Wonder er kjent for songar som mellom andre «I Just Called to Say I Love You», «I Wish», «You Are the Sunshine of My Life», «As», «Sir Duke» og «Isn't She Lovely».




Innhaldsliste






  • 1 Liv og karriere


  • 2 Inspirasjonskjelde


  • 3 Diskografi


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Liv og karriere |


Då Wonder låg i kuvøse på grunn av tidleg fødsel fekk han truleg for mykje oksygen og mista synet. Alt då Wonder var i sjuårsalderen byrja han å spele piano, trommer og munnspel. Då han var ti signerte han ein langtids-platekontrakt med Tamla Motown. Då han var tolv kom den første plata hans.


Med sitt jazza Toots Thielemans-aktige harmonikaspel (kromatisk) har Wonder òg spelt på ein del av Herbie Hancock sine jazz-utgjevingar. Han bidrog til å plassere synthesizeren i sentrum til popmusikken. Wonder har vore gjest på innspelingar med Busta Rhymes, Sting, Barbra Streisand, Paul McCartney, Frank Sinatra, The Beach Boys, Eurythmics, Snoop Dogg, Babyface og mange andre.


Stevie Wonder har motteke 25 amerikanske Grammy-prisar. I 1989 vart han innvotert i Rockens æresgalleri. Han har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame og i 1999 vart han tildelt MusiCares Person of the Year. Wonder har i alt ti førsteplassar på dei amerikanske hitlistene og har hatt meir enn 30 hit på singellista. Wonder vart i juni 2005 far for sjuande gongen.


20. september 2008 spelte han i Vikingskipet på Hamar. Sundag 18. juli 2010 var Stevie Wonder i Bergen der han heldt sin einaste konsert i Noreg i 2010.



Inspirasjonskjelde |


Wonder har vore ein stor inspirator for atskillege musikarar og mange av songane hans er vorte innspelt av andre songarar som mellom anna «Pastime Paradise» som i Coolios versjon heitte «Gangsta's Paradise», «As» av George Michael og «I Wish» som Will Smith brukte til filmen Wild Wild West. Blant dei artistane som oppgjev Wonder som éin av dei viktigaste inspirasjonskjeldene finn ein Michael Jackson, Alicia Keys, Maria Carey, George Michael, Sting, Justin Timberlake, Kanye West og Red Hot Chili Peppars.



Diskografi |



  • 1962 The Jazz Soul of Little Stevie Wonder

  • 1962 Tribute to Uncle Ray

  • 1963 Recorded Live: The 12 Year Old Genius

  • 1963 With A Song in My Heart

  • 1964 Stevie at the Beach

  • 1966 Up-Tight

  • 1966 Down to Earth

  • 1967 I Was Made to Love Her

  • 1968 Eivets Rednow

  • 1968 For Once in My Life

  • 1969 My Cherie Amour

  • 1970 Signed, Sealed, and Delivered

  • 1970 Stevie Wonder Live

  • 1970 Live at the Talk of the Town

  • 1971 Where I'm Coming From

  • 1972 Music of My Mind

  • 1972 Talking Book

  • 1973 Innervisions

  • 1974 Fulfillingness' First Finale

  • 1976 Songs in the Key of Life

  • 1980 Hotter than July

  • 1985 In Square Circle

  • 1987 Characters

  • 1995 Conversation Peace

  • 1995 Natural Wonder

  • 2005 A Time to Love



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Stevie Wonder» frå Wikipedia på bokmål, den 24. desember 2010.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stevie Wonder





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva