Hurtigruten AS
Hurtigruten AS | |
| |
Det tidlegare hovudkontoret i Havnegata 2 i Narvik Foto: TorbjørnS | |
Selskapsform | Aksjeselskap |
---|---|
Skipa | 2006 |
Bransje | Reiarlag |
Hovudkontor | Tromsø |
Styreleiar | Trygve Hegnar |
Adm.dir. | Daniel Skjeldam |
Nettstad | www.hurtigruten.no |
Hurtigruten AS, tidlegare Hurtigruten Group ASA og Hurtigruten ASA, er eit norsk reiarlag som mellom anna opererer Hurtigruta. Selskapet vart stifta som Hurtigruten Group ASA 1. mars 2006 ved samanslåinga av Troms Fylkes Dampskibsselskap og Ofotens og Vesteraalens Dampskipsselskab, med hovudkontor i Narvik. Selskapet skifta namn til Hurtigruten ASA 26. april 2007. 2. februar 2015 fekk skifta Hurtigruten ASA namn til Hurtigruten AS, og hovudkontoret vart flytta til Tromsø.[1] HRG har omtrent 3 400 samansette, og driv og mellom anna USA og Sør-Amerika. Selskapet driftar 11 hurtigruteskip langs norskekysten. Fram til 2008 dreiv selskapet òg ferjer og snøggbåtar i Nordland, Troms og Sunnmøre, men selskapet Torghatten Nord tok over ferjene og snøggbåtane i Nordland og Troms dette året. Hurtigruten AS har òg to skip i cruise i Antarktis, medan eit til er under bygging.
Hurtigruteskip |
- MS «Fram»
- MS «Midnatsol»
- MS «Trollfjord»
- MS «Finnmarken»
- MS «Nordnorge»
- MS «Polarlys»
- MS «Nordkapp»
- MS «Nordlys»
- MS «Richard With»
- MS «Kong Harald»
- MS «Vesterålen»
- MS «Lyngen»
MS «Lofoten» (Går inn for MS «Nordnorge» når denne er seg på vintercruise i Antarktis)- MS «Nordstjernen»
Kjelder |
↑ «Slik blir hovedkontoret, form og styret i nye Hurtigruten AS». Vest24. 3. februar 2015. Henta 3. februar 2015.
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell nettstad
- Kvar er hurtigruta no?
|