Fonetikk
Fonetikk (av gresk φωνή phōnḗ 'lyd'), òg kalla lydlære eller språklydlære, er ei grein av lingvistikken som omfattar læra om språklydar. Som vitskapleg disiplin freistar fonetikken å skildre og forstå fenomen og prosessar i tale som er aktive når menneske snakkar saman - eller freistar å snakke saman. Fonetikk er såleis studiet av korleis mennesket produserer språklydar, korleis desse språklydane breier seg som lydbølgjer og korleis mennesket oppfattar desse lydbølgjene. Fonetikken står i eit kryssingspunkt mellom lingvistikk, anatomi, fysiologi, aerodynamikk, akustikk og psykologi.[1]
Hovudgreinene av fonetikken |
Sidan fonetikk er studiet av korleis mennesket produserer språklydar, korleis desse språklydane breier seg som lydbølgjer og korleis mennesket oppfattar desse lydbølgjene, er det vanleg å rekne med at fonetikken har tre hovudgreiner:
Artikulatorisk fonetikk er studiet av taleproduksjonen, det vil seie korleis mennesket nyttar taleorgana for å frambringe språklydar
Akustisk fonetikk er studiet av lydbølgjene som blir danna når mennesket nyttar taleorgana.
Auditiv fonetikk er studiet av korleis desse lydbølgjene blir oppfatta med høyrsleorgana og hjernen.
Bibliografi |
Endresen, Rolf Theil (1991), Fonetikk og fonologi. Ei elementær innføring, Oslo: Universitetsforlaget
Fotnotar
↑ Endresen 1991, s. 15
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|