Sjukeheimsskandalen i Oslo





Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

I 2005 inngjekk byrådsavdelinga for velferd og sosiale tenester (VST) og Omsorgsbygg Oslo KF ein intensjonsavtale om å bygge ein sjukeheim i Spania. På dette tidspunktet var Margaret Eckbo byråd og Sylvi Listhaug var byrådssekretær.




Innhaldsliste






  • 1 Den første avtalen vert til


  • 2 Oppvarta for 48 000


  • 3 Politisk handsaming i Byrådet


  • 4 Utbetalingar, utbetalingar og fleire utbetalingar


  • 5 Endringer i det politiske landskapet


  • 6 Venta med å melde freisting på korrupsjon


  • 7 Skuldingar mot feil folk


  • 8 Listhaug held attende informasjon


  • 9 Listhaug må tvingast til å rydde opp


  • 10 Referansar





Den første avtalen vert til |


I eit intervju med Spaniaposten, ei lokalavis for nordmenn i Spania[1] 12. september 2005 kunne administrerende direktør i Omsorgsbygg Oslo KF, Jan-Egil Clausen, fortelje at dei hadde hatt to
delegasjoner på befaring i Alicante-området. Samme oppslag nemer òg: «Jan-Egil Clausen var tidligare eigendomsdirektør i Bærum kommune den gang Bærum kommune bygde sin sjukeheim i Altea.
Han var ansvarlig for dei store manglane bygget hadde den gong det vart opna utan godkjent branntryggleik».[2]
21. desember samme år inngjekk Omsorgsbygg Oslo KF ein avtale på vegne av Oslo kommune med advokatfirmaet Martinez de Leca Ambogados – Procuradores. Firmaet skulle handtere meglinga av tomtekjøpet i Altea. Dagen etter vart første del av kjøpesummen betalt med 967 970 kroner. Meglarhonorar vart betalt med 569 092 kroner.



Oppvarta for 48 000 |


I tida mellom 8. og 13. mars 2006 var Alteas ordfører og to andre politikarar fra høgrepartiet Partido Popular på studietur i Oslo. Med på turen var også Oslo kommunes spanske advokat Carmen Sanz. Desse var invitert av Fremskrittspartiets Sylvi Listhaug, og Oslo kommune betalte 48 700 kroner for hotellopphald og ein middag.



Politisk handsaming i Byrådet |


I august 2006 kom saka opp til politisk handsaming. Då byrådet 15. august vedtok byrådssak 162-06, opplyste dei dette:
«Eiendommen er færebels berre delvis betalt. Resten av kjøpesummen skal gjerast opp når det er avklart at ein får godkjenninger til utbygginga frå spanske styresmakter. Den totale kjøpesummen for tomta er på € 424 011. (ca. kr 3 400 000)».
Byrådet opplyste til bystyret at det i kjøpekontrakta for eigendomen, som då var berre delvis betalt, var teke inn en klausul som ga Oslo kommune rett til å heva eigendomskjøpet viss spanske styresmakter ikke godkjente prosjektet:
«Omsorgsbygg kan heve eiendomskjøpet dersom spanske myndigheter mot formodning ikke godkjenner prosjektet».
Videre opplyste Byrådet at finansieringa var særs gunstig:
«Husbanken har godkjent bruken av midler til Oslo kommunes prosjekt og fremskaffet ekstraordinære midler som medfører at prosjektet ikke kommer til fortrengsel for andre prosjekter i Oslo kommune».
30. august 2006 vart det halde ekstramøte i bystyrets finanskomité for å handsama sjukeheimsprosjektet. Berre ein time seinare vart samla bystyret til ordinært møte. Sjukeheimsaka er ført opp på tilleggssakskartet. Det tyder nesten ingen tid til å lese saka for dei som ikkje var med i finanskomiteen. Bystyret vedtar mot 2 stemmer å gi byrådet dei fullmakter det ber om. Berre Raudt stemte i mot.



Utbetalingar, utbetalingar og fleire utbetalingar |


5. september 2006 vert det utbetalt meglerhonorar på nytt – same sum som 21. desember 2005. Dagen etter betalast òg andre del av kjøpesummen for tomta.
Altea formannskap (som då berre bestod av Partido Popular) anbefalte i januar 2007 bruksendring og fastsette ei utbyggingsavgift for Oslo kommune til 580 749 Euro.
I april 2007 vart Covalencia S.L. Oslo kommunes hovedentrepenør, trass i at firmaregistret i Altea viste at dette selskapet vart oppløyst 29. desember 2006.
27. april sier Oslo kommune opp kontrakta med byggeleiarfirmaet Axla Consulting S.L. som til då hadde fått utbetalt meir enn 5 millioner kroner. Utbetalinga har skjedd trass i at Oslo kommune manglar byggetillatelse for tomta. Byggeleiar har altså fått 5 millioner uten å ha gjort noko som helst.



Endringer i det politiske landskapet |


I mai 2007 mista Partido Popular fleirtalet i lokalvalget i Altea, men heldt på makta på provins- og regionsnivå. Sosialdemokratiske PSOE fekk flertall i Altea i allianse med to mindre grupperingar.
I november godkjenner spanske regionalstyresmakter bruksendring/omregulering (”DIC”) på visse vilkår. På dette tidspunktet var det seks veker att til sjukeheimen i samsvar med Listhaugs lovnader skulle vere ferdigbygd. Brót på denne forutsetninga gjer at Oslo mister den gunstige finansieringa frå Husbanken.
I juni 2008 fråtrådde Jan-Egil Clausen i Omsorgsbygg Oslo KF etter at Raudt hadde påvist at han ga usanne opplysningar i foretaket si årsberetning for 2007. Dette gjalt likevel ei heilt anna sak enn Altea-saka.



Venta med å melde freisting på korrupsjon |


På eit møte 27. november 2008 framførde direktør Vicente Viñoles i Covalencia S.L. eit korrupsjonstilbud for Oslos spanske advokat Carmen Sanz. På dette møtet føreslo sjefen i Covalencia S.L. bestikkelsar på 20 000 Euro til teknikarar i Altea og 200 000 Euro til politikarar i Valencia/Alicante/Altea-området.
Det heile skulle gjøymast gjennom overfakturering frå Covalencia S.L. over et visst tidsrom.
Det som er heilt sikkert, er at sjefen i Covalencia S.L. hadde bede om konkrete pengebeløp som skulle gjøymast ved overfakturering. Det føreligg ikkje opplysningar om han skulle betale det videre eller kven han skulle betale til. Her er alt ope, frå å putte i eigen lomme til å betale ein eller annan form for «beskyttelsespenger» til mafialiknende miljøer.
Oslo kommune venta fleire veker med å anmelde korrupsjonsfreistinga. Arbeidsutvalet i bystyrets finanskomité fekk muntlig informasjon om saka i desember 2008.[3][4][5]



Skuldingar mot feil folk |


I eit notat til finanskomiteen 25. mars 2009 skriv byråd Merete Agerbak-Jensen usant at direktør Vicente Viñoles i Covalencia SL kom med sitt korrupsjonsforsøk «i januar 2009».
I dette notatet til finanskomiteen 25. mars 2009 går byråd Agerbak-Jensen langt når det gjeld å knyta den nye politiske leiing i Altea kommune til korrupsjonstilbudet fra 27. November 2008:
«CRMs hovedstrategi er å fortsette med arbeidet for å oppnå byggetillatelse. Det ville, sett fra CRMs side, gi ein særs uheldig signaleffekt dersom prosjektet skulle verta terminert på grunn av sakstrenering i Altea som kan knytast direkte til et forsøk på korrupsjon. CRM held derfor fram arbeidet med sikte på ein byggelovnad for å realisere prosjektet.[6]





Listhaug held attende informasjon |


I notat til bystyrets helse- og sosialkomité 17. juni 2009 let byråd Listhaug vere å svare på spørsmål frå 11. juni om kor mykje juristar og andre rådgjevarar i Norge og Spania har kosta for kommunen. Ho skriv:
«Prosjektet er påført ekstra reiseutgifter og kostnader til juridisk bistand ved at Oslo kommunes prosjekt har vore gjenstand for en urimeleg trenering fra Altea kommunes side.
Dette var ikkje mogeleg å forutsjå på det tidspunkt prosjektarbeidet vart starta. For å kunne gjere greie for alle utgifter er vi nøydde å
hente oinformasjon fra CRMs regnskapsfører Asesoria Noguera i Altea. Det vil verta teke initiativ for å hente opplysningane og svara vil verta gitt så snart dei kjem".[7]
Bystyremøtet 17. juni fatta då dette vedtaket:
«Bystyret ber byrådet gi en grundig orientering om Altea-saken senest når budsjettforslaget avgis».
Dette betyr at redegjørelsen skal foreligge rundt to uker etter valget. Bystyret avviste samstundes – med 56 mot 3 stemmer – dette forslaget frå Raudt:
«Bystyret ber byrådet raskt legge fram en sak som gir bystyret saklig grunnlag for å avgjøre hvorvidt sykehjemsprosjektet i Altea skal avvikles eller videreføres».
19. august 2009 nektar byråd Listhaug under bystyret sin spørjetime å svare når Raudt spør kor mange gonger ho i åra frå 2005 til 2009 har reist til Spania saman med andre Oslo-politikarar for å orientere seg om ulike sjukeheimsalternativ for Oslo kommune. Hun nektar òg å svare på om Oslo har motteke andre sjukeheimstilbod enn det planlagte prosjektet i Altea.[8][9]



Listhaug må tvingast til å rydde opp |


Etter dette krev Raudt full opprydning. Folk må få vite både kva millionene er brukt til og kvifor byrådet kunne finne på å kjøpe en landbrukseigedom når dei trong ei byggeklar sjukeheimstomt. Byråd Sylvi Listhaug må gjere fullstendig greie for både sin eigen og andre Frp-politikarar sine roller i pengesløseriet. Ho bør òg forklare kvifor ho brukte over 50 000 kroner på å varte opp spanske politikarar i Oslo og meir enn 800 000 kroner på reiser til nøkkelpersoner til og frå Spania.
I august 2006 hadde ho forsikra bystyret om at ho skulle finansiere sjukeheimen i Altea med «ekstraordinære midler som medfører at prosjektet ikke kommer til fortrengsel for andre prosjekter i Oslo kommune» og at det skulle stå ferdig i løpet av 2007.
Etter alt dette, har det blitt færre sjukeheimssplassar i Oslo og ikkje ein eneste ny plass i Altea.[10]
Prosjektet har kosta skattebetalarane i Oslo 35 millioner kroner. Denne summen har gått nesten berre til advokatar, konsulentar og granskningar.[11]



Referansar |




  1. https://spaniaposten.no/mistillit-mot-sylvi-listhaug-frp


  2. https://www.nettavisen.no/nyheter/3608879.html


  3. https://www.tv2.no/a/3163259


  4. https://www.aftenposten.no/osloby/i/l1l1e/Selger-skandaletomt-i-Spania


  5. http://forum.hegnar.no/thread.asp?id=2323221


  6. https://www.dagsavisen.no/nyemeninger/tabber-for-milliarder-1.441142


  7. https://spaniaposten.no/mistillit-mot-sylvi-listhaug-frp


  8. https://www.nrk.no/ostlandssendingen/overtalt-til-sykehjem-i-spania-1.7042300
    https://www.nrk.no/ostlandssendingen/far-likevel-bygge-sykehjem-i-altea-1.11259826



  9. https://www.nrk.no/ostlandssendingen/vil-gi-bort-skandaletomta-i-spania-1.12148379


  10. http://www.spaniaavisen.no/wip4/vi-har-besoekt-nordmenn-paa-spanske-sykehjem-det/d.epl?id=2557627


  11. https://spaniaposten.no/mistillit-mot-sylvi-listhaug-frp




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva