Thamshavnbanen
Koordinatar:
Thamshavnbanen | |
Elektrisk lokomotiv nr. 3 frå Thamshavnsbanen. Lokomotivet står no på Gløshaugen i Trondheim, med namnet Ohma Electra. Lokomotivet vart levert av British Westinghouse i 1908. | |
Info | |
Type | Jernbane |
System | 1000 mm smalspora elektrifisert bane |
Status | Museumsjernbane |
Utgangsstasjon | Thamshavn |
Endestasjon | Løkken Verk |
Drift | |
Opna | 10. juli 1908 |
Forl. til Løkken Verk | 15. august 1910 |
Ordinær trafikk nedl. | 30. april 1963 |
Kistrafikk nedlagt | 29. mai 1974 |
Gjenopna (museumstrafikk) | 10. juli 1983 |
Eigar | Salvesen & Thams |
Operatør(ar) | Orkla Industrimuseum |
Teknisk | |
Køyrestraum | 6600 Volt, 25 Hz |
Lengde | 25,3 km |
Tunnelar | 1 |
Thamshavnbanen er ein jarnbane som går frå Løkken Verk til Thamshavn i Sør-Trøndelag fylke. Jarnvegen var i drift frå 1908 til 1974. Strekninga Løkken Verk–Svorkmo vart i 1983 gjenopna som museumsjarnbane og er i dag den eldste jarnbana som går på vekselstraum. I dag går det museumstog til Bårdshaug. Slik er 23 av banen sine opphavlege 25 kilometer teke vare på. Museumsbanen vert driven av Orkla Industrimuseum på Løkken Verk. I museet sitt informasjonssenter er det utstillingar om jarnbaneverksemda, og toga kan køyra direkte til og frå utstillingane.
Innhaldsliste
1 Historikk
2 Linjekart
3 Fotnotar
4 Bakgrunnsstoff
Historikk |
Banen vart bygd for å frakta malm frå gruvene på Løkken Verk, der ein vann ut koparhaldig svovelkis, og nordover ned Orkladalføret til Orkdalsfjorden. Då banen vart opna i 1908, var det den første elektrisk drivne jarnvegen i Noreg. Chr. Salvesen & Chr. Thams's Communications Aktieselskab stod då for drifta. Endestasjonen Thamshavn er no del av Orkanger. Linja ligg i Meldal og Orkdal kommunar.
Person- og godstrafikken vart nedlagd i 1963, medan kistoga rulla fram til 1974
Thamshavnbanen er den einaste jarnbana i Noreg som er bygd med 1 000 mm sporvidde, «Meterspor». Dei tre første lokomotiva var mellom dei aller første brukbare lokomotiva i verda for bruk med einfasa vekselstraum. Seinare har einfasa vekselstraum nesten vorte einerådande på elektriske jarbanar.
Køyrestraumen med ein frekvens på 25Hz og ei spenning på 6600 V vart transformert ned til mellom 270 til 500 volt. I tillegg kom 110 volt til togvarme og luftkompressoren. Lokomotiva hadde trykkluftbremser frå Westinghouse, og kunne dra togsett på opp til 50 tonn.
Linjekart |
Forklaring til årstal i linjekart[1].
Teiknforklaring | |||
Thamshavn DS «Orkla» (1908 - 1949) / MB «Elna» (1949 - 1963) | |||
0 km | Thamshavn Utskiping og smelteverk, industrianlegg | ||
0,15 km | Thamshavn (1908 - 1963) | 2,8 moh. | |
Thamshavn, øvre plan Sidespor, industrianlegg | |||
Sporet er i si heilheit fjerna hit. | |||
1,03 km | Orkanger (1908 - 1963) | 14,6 moh. | |
Orkanger Trondheimsvegen | |||
2,04 km | Hov (1919 - 1940/45, 1946 - 1963) | 16,0 moh. | |
Bårdshaug Hovsbakkveien | |||
Bårdshaug Rv710 | |||
Sporet er delvis fjerna hit. | |||
3,14 km | Bårdshaug (1908 - 1963), 2001 - | 11,58 moh. | |
3,25 km | Bårdshaug Sjukehusvegen | ||
Myra Myra | |||
4,41 km | Gymnaset (1927 - 1963) | 6,4 moh. | |
4,41 km | Gymnaset Orkdalsvegen | ||
4,41 km | Gymnaset (? m) | ||
4,95 km | Follo (1908 - 1963) | 6,9 moh. | |
«Chicago» E39, nybygd 2000-01 | |||
5,79 km | Fannremsmoen Johann Gjønnes' veg | ||
5,79 km | Fannremsmoen (1947 - 1963) | 8,3 moh. | |
6,83 km | Fannrem (1908 - 1963), 1990 - | 15,70 moh. | |
6,95 km | Fannrem Orkdalsvegen, Fv470 | ||
Grøtte (? m) gangveg, tidl. bilveg | |||
Grøtte Gryttingvegen, Fv471 | |||
Grustaket Sidespor, grusuttak. Sporet er fjerna. | |||
Grustaket lagt på 1990-talet | |||
Engbrua tidl. vegbru over banen, plo. frå 1980/90-tal | |||
Prestmoen | |||
Blåsmoen Vel | |||
9,43 km | Blåsmo (1939 - 1963) | 14,9 moh. | |
9,43 km | Blåsmo Gryttingvegen, Fv471 | ||
10,19 km | Ekli (1927 - 1939) | 15,7 moh. | |
12,76 km | Solbusøy (1908 - 1963), 1986 - , tidlegare stasjon | 21,02 moh. | |
14,41 km | Øyum (1927 - 1963) | 22,5 moh. | |
Øyum (? m) | |||
Øyum Sør 1990-talet - 2007 | |||
Svorka (? m) Kraftverksutløp, nybygd 1983 | |||
Svorka (16 m) Kanallaup | 52,39 moh. | ||
19,35 km | Svorkmo (1908 - 1963), 1983 - | 54,96 moh. | |
19,55 km | Plassen (? m) Fv475, ombygd 2001-2002 | ||
Klinglia | |||
Klinglia Trolldalen (? m) Steinkvelvsbru | |||
21,10 km | Klinglia (151 m) bygd 1944-45 | ||
21,12 km | Klinghåmmår'n frå 1983 | ||
22,15 km | Grense: Orkdal kommune og Meldal kommune | ||
22,28 km | Skjøtskift (1918 - 1921, 1926 - 1963) | 141,1 moh. | |
22,28 km | Skjøtskift Skulmoveien | ||
Amundmoen Jordhusmoen | |||
23,95 km | Jordhusmoen (1936 - 1963) | 152,3 moh. | |
Jordhusmoen Sidespor, vognhall, nybygd 1994 | 152,3 moh. | ||
Raubekken (11 m) | |||
Furulund Romundstadbygda | |||
«Undergangen» (? m) Langenglia | |||
25,15 km | Løkken Verk (1910 - 1963), 1983 - | 163,96 moh. | |
Sporet er i si heilheit fjern herfrå. | |||
Løkken Verk (? m) Rv700, brua riven 1984 | |||
25,30 km | Løkken Verk Kissilo, industrianlegg |
Fotnotar |
↑ Alle årstal i parentes bak stasjonar og haldeplassar viser til opphavleg drift før museumsbaneperioden. Tal utanfor parentes viser til endringar med omsyn til stasjonar, haldeplasser, planovergangar m.m. som har skjedd etter 1983. Alle originale haldeplassar vert også nytta av museumsbanen, sjølv om desse ikkje er oppgjevne med årstal 1983 eller seinare.
Bakgrunnsstoff |
- Thamshavnbanens Venner
- Orkla Industrimuseum
LocCom Informasjon om lokomotiv frå Thamshavnsbanen
Stasjonar på Thamshavnsbanen, Norsk Jernbaneklubb
- Chr. Salvesen & Chr. Thams's Communications Aktieselskab
Vis Thamshavnbanen i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Jarnbanestrekningar i Noreg | |
---|---|
Banar med persontrafikk | Arendalsbanen · Askerbanen · Bergensbanen · Bratsbergbanen · Dovrebanen · Drammenbanen · Flåmsbana · Gardermobanen · Gjøvikbanen · Hovedbanen · Jærbanen · Kongsvingerbanen · Meråkerbanen · Nordlandsbanen · Ofotbanen · Randsfjordbanen · Raumabanen · Rørosbanen · Spikkestadbanen · Stavne–Lerkendal · Sørlandsbanen · Vestfoldbanen · Østfoldbanen (Vestre linje, Østre linje) |
Banar og sidelinjer med regelmessig annan trafikk | Alnabanen · Brevikbanen · Dalane–Suldallinja · Kirkenes–Bjørnevatnbanen · Lerkendal–Leangen · Loenga–Alnabrulinja · Solørbanen · Roa–Hønefosslinja · Skøyen–Filipstadlinja |
Banar og sidelinjer utan regulær trafikk | Hønefoss - Hen · Namsosbanen · Nelaug–Simonstad · Numedalsbanen · Rakkestad–Sarpsborg · Tinnosbanen · Valdresbanen · Voss–Palmafoss |
Samanslåtte banar | Dunderlandsbanen · Eidsvoll–Dombåsbanen · Eidsvold–Hamarbanen · Eidsvold-Ottabanen · Hamar-Grundsetbanen · Hamar-Selbanen · Hell–Sunnanbanen · Jærbanen · Kongsbergbanen · Landsbanen · Nordbanerne · Trondhjem–Størenbanen · Vossebanen |
Museumsbanar | Krøderbanen · Lommedalsbanen · Nesttun–Osbanen · Rjukanbanen · Setesdalsbanen · Thamshavnbanen · Urskog–Hølandsbanen · Gamle Vossebanen |
Nedlagte banar | Arvedalslinja · Fagernes–Bjørgo · Flekkefjordbanen · Grimstadbanen · Hafslundbanen · Hardangerbana · Havnebanen · Holmestrand–Vittingfossbanen · Hortenlinja · Kalvskindet–Heimdal · Kragerøbanen · Lierbanen · Lillesand–Flaksvandbanen · Rollag–Rødberg · Røykenvikbanen · Setesdalsbanen · Skreiabanen · Solbergfossbanen · Sperillbanen · Sulitjelmabanen · Treungenbanen · Tønsberg–Eidsfossbanen · Vestmarkabanen · Ålgårdbanen |
Planlagte banar | Follobanen · Ringeriksbanen · Grenlandsbanen · Høgfartsbane i Noreg |