De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum
Koordinatar:
Hovudbygningen
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum er eit museum i Kaupanger i Sogn og Fjordane. Museet blei skipa av Gert Falch Heiberg i 1909. Frå 2009 er det ein del av Musea i Sogn og Fjordane.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Museet på Kaupanger
3 Avdelingar
4 Kjelder
5 Bakgrunnsstoff
Historie |
Museet har fått namnet sitt frå museumspioner Gert Falch Heiberg. Heiberg samla gjenstandar frå Sogn tidleg på 1900-talet, og i 1905 bygde han ein utstillingsbygning. I 1909 donerte han samlinga si til Historielaget for Sogn og De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum vart etablert og bygd opp på ein del av Heiberg sin eigedom.[1]
Museet på Kaupanger |
Helgeheimstova
Museet ligg på Kaupanger i Sogndal kommune og omfattar et friluftsmuseum med om lag 30 bygningar som stammar frå ulike tidsepokar - frå mellomalderen til 1980-talet, eit tradisjonelt gardsbruk med hest, kyr, sauer, griser og høns, samt utstillingsbygning med faste og skiftande utstillingar. Museet har også kafé og museumsbutikk. Utstillingsbygningen er open heile året, medan resten av museet har ope frå mai til september.[2]
Eit av tilboda som besøkande og andre kan nytte seg av er innspelte lydguidar som fortel historia til 40 punkt og bygningar i friluftsmuseet. Desse lydfilene kan lastast ned på museet si heimeside.[3]
Avdelingar |
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum har to avdelingar: Sogn Fjordmuseum ligg ved Kaupanger ferjekai med båtar og alt som har med fjordkulturen å gjera, og Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand vart en del av museet i 2007.
Kjelder |
↑ Engesæter, Aage (2001), Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
↑ Om museet De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum
↑ Lydguide til friluftsmuseet
Bakgrunnsstoff |
- Museet sin nettstad
- Norsk Reiselivsmuseum sin nettstad
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum på Digitalt Museum
Norsk Reiselivsmuseum på Digitalt Museum
Musea i Sogn og Fjordane | |
|---|---|
Kystmuseet · Sogn og Fjordane Kunstmuseum · Sunnfjord Museum · Nordfjord Folkemuseum · De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum · Norsk Kvernsteinsenter |
|