Bakke







Bakke kyrkje


Bakke er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke og eit kyrkjesokn i Lister prosti.


Namnet til kommunen og soknet kjem frå garden Bakke ved Sira, som har vore kyrkjestad for soknet sidan mellomalderen.



Kommunesoge |


Bakke blei oppretta som formannskapsdistrikt i 1838. Fram til 1848 femnde kommunen Bakke, Gyland, Tonstad og Øvre Sirdal. I 1849 blei Tonstad og Øvre Sirdal skilde ut som Sirdal kommune, og i 1894 vart Gyland skild ut som eigen kommune.


I 1965 blei Bakke, Nes, Hidra og Gyland slått saman med Flekkefjord bykommune til storkommunen Flekkefjord.



Kjelder |



  • Dag Juvkam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen», Statistisk sentralbyrå, 1999. s. 36-41


Bakgrunnsstoff |




  • Per Tang (1948). «Bakke». I Arnulv Sudman. Norsk Allkunnebok. I. Oslo: Fonna. s. 744-745.  [sidetalet viser til kolonnetal (to kolonnar pr. side)]


  • Lars Ramsli (2002). Bakke bygdebok : gards- og slektshistorie I-II. Flekkefjord: Flekkefjord historielag/Bakke bygdeboknemnd. ISBN 8299397014. 




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva