Volda
| Volda | |
tettstad | |
| Land | |
|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal |
Kommune | Volda |
| Areal | 3,71 km² |
| Folketal | 6 368 (2017) |
| Folketettleik | 1 716 / km² |
Postnummer | 6100 VOLDA |
| Innbyggjarnamn | volding |
| Preposisjon | i Volda |
Wikimedia Commons: Volda (village) | |
Volda er ein tettstad og administrasjonssenteret i Volda kommune i Møre og Romsdal fylke. Tettstaden ligg på nordaustsida av Voldsfjorden og har 6 368 innbyggjarar per 1. januar 2017.
Volda er eit lokalt skule-, administrasjons- og handelssentrum, med lærarutdanning frå 1861. Her ligg Høgskulen i Volda med avdelingar for lærarutdanning, humanistiske fag, samfunnsfag og mediefag, og Volda vidaregåande skule med varierte studieretningar.
I Volda ligg lokalsjukehuset Volda sjukehus og kontora for Søre Sunnmøre tingrett. Her står også Volda kyrkje, ei krosskyrkje frå 1932. Vest for tettstaden ligg Volda Skisenter. Avisa Møre kjem ut i Volda tre dagar i veka.
Frå Volda sentrum går det ferje over Voldsfjorden til Lauvstad på fylkesveg 652 og Folkestad på fylkesveg 651 (før 2012: E 39). På Hovden i Ørsta kommune, 5 kilometer frå Volda sentrum, ligg Ørsta/Volda lufthamn som er traffikert av Widerøe.[1]
Bilete frå Volda |

Volda sentrum

Utsyn over Volda sentrum

Volda kyrkje
Sjå òg |
- Volda kommune
Kjelder |
↑ «Volda». Store norske leksikon. 15.08.2016. Henta 07.09.2016.
|