Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Koordinatar:
| Kystmuseet i Sogn og Fjordane | |
| | |
| Kystmuseet i Sogn og Fjordane | |
| Stad | Florø |
|---|---|
| Skipa | 1980 |
| Museumstype | ålment kulturhistorisk museum |
| Direktør | Berit Høivik |
| Nettstad | www.kyst.museum.no |
Kystmuseet i Sogn og Fjordane er eit eit distriktsmuseum for kyststroka og ei avdeling av stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. Utstillingar på museet speglar livet ved kysten av Sogn og Fjordane frå midten av 1700-talet og fram til i dag. Gjenstandane fortel om fiskerinæringar og sjøfart, om kystorienterte handverk, om fiskarbondens liv og om livet i byen Florø. Mange av museet sine gjenstandar kan ein sjå på Digitalt Museum.
Innhaldsliste
1 Ansvarsområde
2 Kystmuseet i Florø
3 Kulturlandskap langs kysten
4 Båtsamlinga
5 Kjelder
Ansvarsområde |
I Museumsplan for Sogn og Fjordane vert det slått fast at museet er ansvarsmuseum for kommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Askvoll og Flora. I kommunane Bremanger, Vågsøy og Selje skal Kystmuseet ha ansvar for oppgåver som er spesifikt sjøvende, medan andre oppgåver skal leggast til Nordfjord Folkemuseum.
Kystmuseet i Florø |
Museet har hovudbase i Florø og består av 3 museumsbygg og eit 74 mål stort friluftsområde der ein finn både gardstun, tettstad, fiskevær og anna. Dei tre museumsbyga inneheld administrasjon, fagbibliotek, arkiv og arbeidsplassar for 7 tilsette. Utstillingane viser m.a. lokale båttypar, fiskeri, fraktefart, interiør, lokal fauna og ei av dei største permanente oljeutstillingane i landet.
Kulturlandskap langs kysten |
Kystmuseet ligg i og har samla inn lokalt materiale frå eit gamalt kulturlandskap: den atlantiske lyngheia som stekkjer seg frå Lofoten og nedover på begge sider av Nordsjøen og langs Biscaya til Portugal.
Båtsamlinga |
Kystmuseet har ei stor båtsamlinga; Ein finn blant anna «Bakkejekta» frå midten av 1700-talet. Museet er medeigar i galeasen Svanhild og M/S Atløy, og eigar av råsegljekta Svømianna og autolinebåten Haugefisk. Fartøya er representantar for båttypar som har vore vanlege ved kysten av Sogn og Fjordane. Museet har også hovudansvar for fartøyvern i fylket.
Kjelder |
- Store Norske Leksikon: Kystmuseet i Sogn og Fjordane
- Kystmuseet i Sogn og Fjordane
- Digitalt Museum: Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Musea i Sogn og Fjordane | |
|---|---|
Kystmuseet · Sogn og Fjordane Kunstmuseum · Sunnfjord Museum · Nordfjord Folkemuseum · De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum · Norsk Kvernsteinsenter |