Mercia





































Miercna rīce
Merciorum regnum
Kongeriket Mercia








527–918



Plasseringa til Mercia



Hovudstad

Tamworth

Språk

Gamalengelsk, latin

Religion

Angelsaksisk heidenskap, kristendom

Styreform

Monarki

Historisk periode

Heptarkiet
 - Oppretta
527
 - Opphøyrde
918



Kart over Mercia. Det mørkegrøne området viser det opphavlege riket, det lysegrøne viser den største utbreiinga det hadde.


Mercia (av gamalengelsk mearc, 'grenseland'[1]), var namnet på eit av dei sju angelsaksiske småkongedøma i England i tidleg mellomalder som blir kalla i Heptarkiet. Landet låg i den delen av England som i dag er kjend som Midlands, frå elva Trent til Wales.[1][2]
Kjerneområdet var i dalen som Trent renn igjennom, og ein hovudstad for riket var byen Tamworth, som var sete for kongane frå minst år 584 då kong Creoda bygde ein festning i byen.




Kristent flagg for Mercia




Innhaldsliste






  • 1 Tidleg soge


  • 2 Offa av Mercia


  • 3 Danelagen


  • 4 Arv etter Mercia


  • 5 Kongane i Mercia


    • 5.1 Ætta etter Icel


    • 5.2 Kronranar


    • 5.3 Ætta etter Offa


    • 5.4 Ætta etter Cœnwulf


    • 5.5 Valde kongar


    • 5.6 Merciske fruver




  • 6 Kjelder





Tidleg soge |


Arkeologane har funne spor etter angelsaksisk busetnad langsetter det øvre løpet av Themsen i løpet av 500-talet. Namnet svarar til det norrøne Mark (som i «Telemark»), og tyder eigna som ligg utom dei saksiske rika Wessex og Sussex. Mercia var for det meste bygd av anglarar. Det er hevda riket voks fram på markskilet mellom dei angelsaksiske områda og dei kymriske i dagens Wales.


Første kongen av Mercia heitte Creoda, som hevda han var oldebarn av Icel. Han tok makta i 565 og vart etterfølgd av sonen Pybba i 593. Cearl, ein frende av Pybba, tok over i 606. Han gav dottera si, Cwenburga, i ekte til kongen i Deira, Edwin, som hadde fått ly i Mercia på grunn av ufred nordpå. Penda rådde i Mercia frå 626 eller 633 til 655. Beda Venerabilis gav ikkje Penda noko godt ettermæle, mykje av di han var heidning, og noko av di han låg i strid med Northumberland, heimlandet til Beda. Penda fall i kamp mot kong Oswiu av Northumberland i 655.


Dette førde til at Mercia vart svekka ei tid. I åra som følgde vart det strid om makta mellom sønene til Penda og kongane i Northumberland. Ætlingane etter Penda døydde ut i 709.


Mercia kom seg ikkje opp att før under kong Æthelbald, som samla riket att, men låg i krig med Wessex. Æthelbald var den første kongen av Mercia som vann nemninga Bretwalda, drott for heile øyriket. Han vart drepen i 757.



Offa av Mercia |


Offa, som kom til makta etter Æthelbald, vert rekna som ein av dei gjævaste kongane i tidleg engelsk soge. Han vann fram etter ein borgarkrig i landet. Offa rådde klokt, vann seg stort velde og samrådde jamvel med Karl den store. Han la òg vinn på administrere den katolske kyrkja på øya. Under Offa reknar ein med Béowulf-kvadet vart til.


Etter at Offa døydde vart det strid mellom ervingane hans, og samstundes vann Wessex fram under kong Egberth. Wessex vann over Mercia i Slaget ved Ellendun i 825. Frå då av minka Mercia og kom med tida under Wessex.



Danelagen |


Siste kongen av Mercia, Burgred, vart jaga ut av dei danske vikingane som tok seg inn i England utover på 800-talet. Austre luten av Mercia, bortom Watling Street, vart del av Danelagen, medan resten gjekk til Wessex. Frå då av vart det ikkje lenger kongar i Mercia, men ealdormen under veldet til kongen i Wessex.



Arv etter Mercia |


Den mest synlege arven etter Mercia kan ein finne i verka til J.R.R. Tolkien, som bygde opp talemålet i Rohan etter mønster av den merciske dialekta av gamalengelsk. Mange andre ord, til dømes hobbit (Hol-bytlan), kan òg sporast til denne dialekten. Talemålet skilde seg frå Wessexmålet ved å sløyfe diftongar, slik at ein til dømes sa Scadu- i staden for Sceadu (Skugge), eller Marc i staden for Mearc.



Kongane i Mercia |



Ætta etter Icel |


  • Icel om lag 488-om lag 501

Son av Éomer, siste kongen over anglarane i Europa. Førde folket over Nordsjøen til England.


  • Cnebba om lag 501-om lag 566

Son av Icel.


  • Cynewald om lag 566-584

Son av Cnebba.


  • Créoda 584-593

Son av Cynewald. Det var han som truleg grunnla kongeborga ved Tamworth.


  • Pybba 593-606

Son av Créoda. Utvida mercisk land til dei vestre Midlands.


  • Céorl 606-626

Truleg bror eller søskjenbarn av Pybba.


  • Penda 626-655

Son av Pybba. Hevja Mercia til ein førande stilling mellom dei angelsaksiske kongerika. Siste heidne drott i England. Drepen i kamp med Osviv av Northumberland.


  • Éowa om lag 635-642

Bror av Penda. Samkonge. Fall i slag.


  • Péada om lag 653-656

Son av Penda. Samkonge i dei søraustre Midlanda. Drepen.


  • 655-658 Northumbrisk styre

Mercia vart hærteke og underlagt Northumberland ei stutt tid.


  • Wulfhere 658-675

Bror av Péada. Tok att Mercisk rådvelde i England.


  • Æþelred 675-704 (daud 716)

Bror av Wulfhere. Sa frå seg makta og gjekk i kloster ved Bardney.


  • Cœnred 704-709 (d. ?)

Son av Wulfhere. Sa frå seg makta og reiste til Roma.


  • Céolred 709-716

Son av Æþelred. Truleg drepen med gift.


  • Céolwald 716

Bror av Céolred. Det er mogleg han aldri har levd.


  • Æþelbald 716-757

Soneson av Éowa. Tok kongevelde over heile øya 746. Drepen av Béornred.



Kronranar |


  • Béornred 757 (d. ?)

Det er ikkje kjend at han var skyld forgjengarane. Avsett av Offa den Mektige.



Ætta etter Offa |


  • Offa den Mektige 757-796

Truleg tippoldebarn av Éowa. Største og sterkaste av alle kongane i Mercia. Han kravde kongsvelde over alle engelske land i 774. Bygde Offa's Dyke.


  • Egfriþ 787-796

Son av Offa. Samkonge. Døydde brått nokre månader etter faren



Ætta etter Cœnwulf |


  • Cœnwulf 796-821

Gjorde krav på å vera ætling etter Pybba i sjuande ledd. Tok nemninga keisar.


  • Cynehelm (Kenelm den heilage) 812 or 821

Son av Cœnwulf. Samkonge. Drepen og seinare heilagkåra.


  • Céolwulf 821-823 (d. ?)

Bror av Cœnwulf. Avsett av Béornwulf.



Valde kongar |


  • Béornwulf 823-826

Mogleg frende av Ceolwulf. Vald av den merciske Witan. Døydde i slag.


  • Ludeca 826-827

Vald av den merciske Witan. Døydde i slag.


  • Wigláf (første styringstida) 827-829

Vald av den merciske Witan. Avsett av Egbert av Wessex.


  • 829-830 Vestsaksisk styre

Ei stutt tid vart Mercia teken av Egbert frå Wessex.


  • Wigláf (andre styringstida) 830-840

Sett inn att som konge, men frå denne tida førde ikkje Mercia dei engelske landa lenger.


  • Wigmund om lag 840

Son av Wigláf, og verson av Céolwulf. Truleg samkonge.


  • Wigstan 840 (daud 849)

Son av Wigmund. Sa frå seg kongsmakta og vart seinare drepen av Béorhtwulf.


  • Béorhtwulf 840-852

Hevda han var søskjenbarn av Wigstan. Vald av den merciske Witan.


  • Burgred 852-874 (d. ?)

Vald av den merciske Witan. Rømde til Roma då Danene gjekk inn i landet.


  • Céolwulf den fåvise 874-883

Truleg son av Wigmund. Danene sette han opp som skuggeherskar.


  • Æþelred Mucil 883-911

Vald av den merciske Witan. Kanna Alfred av Wessex som overherre. Stundom rekna som 'éaldorman' meir enn 'konge', særleg av vestsaksarane.



Merciske fruver |


  • Æþelflæd 911-918

Enka etter Æþelred Mucil og dotter av Alfred of Wessex.


  • Ælfwynn 918-919 (d. ?)

Dotter av Æþelflæd og Æþelred Mucil. Avsett av farbroren, Edward den eldre, som la Mercia under Wessex, og slik oppretta Kongedømet England.



Kjelder |





  1. 1,01,1
    Imsen, Steinar. Mercia (14. januar 2013), Store norske leksikon. Henta 9. desember 2013.



  2. Roach & Hartman, red. (1997): English Pronouncing Dictionary, 15. utg., Cambridge University Press, s. 316; sjå også Wells, J.C.: Longman Pronunciation Dictionary og Upton et al.: Oxford Dictionary of Pronunciation for Current English.



Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva