Roxy Music av Roxy Music
Roxy Music Studioalbum av Roxy Music | ||
Utgjeve | 16. juni 1972 | |
Innspelt | 14. til 29. mars 1972 i Command Studios i London | |
Sjanger | Glamrock, kunstrock | |
Lengd | 45:37 | |
Selskap | Island, Polydor (UK) Reprise, Atco (U.S.) [1] | |
Produsent | Peter Sinfield | |
Kritikk | ||
---|---|---|
| ||
Roxy Music-kronologi | ||
Roxy Music | For Your Pleasure (1973) |
Roxy Music er debutalbumet til kunstrockbandet Roxy Music, gjeven ut i juni 1972. Det vart generelt godt motteke av kritikarane då det kom ut og nådde 10. plass på den britiske albumlista. I Noreg nådde det 23. plass.
Innhaldsliste
1 Stil og tema
2 Produksjon
3 Singel
4 Mottaking
5 Innhald
6 Medverkande
7 Kjelder
Stil og tema |
Opningssongen, «Re-Make/Re-Model», har vorte kalla ein postmodernistisk pastisj med soloar av kvart bandmedlem som gjentek forskjellige kjente musikkstykke som The Beatles sin «Day Tripper», Duane Eddy sin versjon av «Peter Gunn» og Wagner sin «Ride of the Valkyries». Det mystiske refrenget «CPL 593H» var visstnok bilnummeret til ein bil som Bryan Ferry såg, med ei vakker dame bak rattet. Eno produserte noko sjølvlaga 'galskap' då Ferry bad han om ein lyd «som likna månen» på songen «Ladytron». «If There Is Something» vart spelt inn på ny av David Bowie sitt Tin Machine, og vart seinare nytta mykje i den britiske filmen Flashbacks of a Fool.
Mange av songane var tematisk knytte til filmar. «2HB» er ein hyllest til Humphrey Bogart og siterte linja «Here’s looking at you, kid», som vart gjort kjend i filmen Casablanca (1942); «Chance Meeting» var inspirert av David Lean sin Brief Encounter (1945). «The Bob» tok tittelen frå filmen Battle of Britain (1968) og inneheld parti som simulerer geværskot.
Om musikken sa Andy Mackay seinare at «me fann definitivt ikkje opp eklektisisme, men me sa og beviste at rock 'n' roll kunne tilpassast - vel, alt mogeleg eigentleg.»
Produksjon |
Bandet hadde øvd og omarbeidd songane i fleire månader før dei endeleg fann ein stad å spele dei inn. Heile albumet vart spelt inn i løpet av ei enkelt veke. Dette var naudsynt sidan dei ikkje hadde platekontrakt enno, og managerane deira i EG finansierte innspelingane sjølve. Albumet vart produsert av tekstforfattaren til King Crimson, Peter Sinfield, som nyleg hadde gått frå det bandet. I mai 1972, eit par veket etter innspelinga, signerte bandet ein kontrakt med Island Records og i juni kom albumet ut.
Hangen til glamour kom til syne i både tekstane og plateomslaget i 50-talsstil, med bilete, hårfrisyre og skriftdetaljar på omslaget. Fotografen Karl Stoecker tok bilete på omslaget med modellen Kari-Ann Muller, som seinare gifta seg med Chris Jagger, bror til Mick Jagger. Albumet var tileigna Susie, ein trommeslagar som prøvespelte for Roxy Music den første tida deira.
Singel |
Den originale plata inneheldt ingen singlar. I juli 1972, eit par veket etter kontrakten vart signert, spelte Roxy Music inn to songar til, «Virginia Plain» og «The Numberer», som vart gjevne ut som ein singel. Han nådde 4. plass i Storbritannia og medverka til at albumet selde godt. Sjølve albumet gjekk til 10. plass. På seinare utgåver av albumet, inkludert CD-utgåva er songen «Virginia Plain» med.
Mottaking |
I Q & Mojo Classic Special Edition Pink Floyd & The Story of Prog Rock, er albumet plassert på 31. plass på lista over 40 kosmiske rockealbum.[6]
Ferry sa rundt tida då dei gav ut det tredje albumet, Stranded, at han ikkje likte den rare produksjonen på det første albumet, og spelte inn att «Re-Make/Re-Model», «Chance Meeting» og «Sea Breezes» som han gav ut som B-sider på solosinglane sine.
Innhald |
Alle songar er skrivne av Bryan Ferry.
Side ein | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
# | Tittel | Lengd | |||||||
1. | «Re-Make/Re-Model» | 5:14 | |||||||
2. | «Ladytron» | 4:26 | |||||||
3. | «If There Is Something» | 6:34 | |||||||
4. | «Virginia Plain» (ikkje på den originale britiske utgåva) | 2:58 | |||||||
5. | «2HB» | 4:30 |
Side to | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
# | Tittel | Lengd | |||||||
6. | «The Bob (Medley)» | 5:48 | |||||||
7. | «Chance Meeting» | 3:08 | |||||||
8. | «Would You Believe?» | 3:53 | |||||||
9. | «Sea Breezes» | 7:03 | |||||||
10. | «Bitters End» | 2:03 |
Medverkande |
Bryan Ferry – vokal, piano, Hohner Pianet, Mellotron
Brian Eno – VCS3 synthesizer, lydeffektar, korvokal
Andy Mackay – obo, saksofon, korvokal
Phil Manzanera – elektrisk gitar
Graham Simpson - bassgitar
Paul Thompson – trommer
Rik Kenton – bass på «Virginia Plain»
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Roxy Music (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- David Buckley (2004). The Thrill of it All: The Story of Bryan Ferry and Roxy Music
↑ Strong, Martin C. (2006). The Essential Rock Discography. Edinburgh: Canongate. s. 930. ISBN 1841958603.
↑ Erlewine, Stephen Thomas. «allmusic ((( Roxy Music > Review )))». Allmusic. Henta 31. mars 2011.
↑ Brackett, Nathan. "Roxy Music". The New Rolling Stone Album Guide. November 2004. s. 705,
↑ Christgau, Robert. "Roxy Music". robertchristgau.com, henta 31. mars 2011.
↑ Scaruffi, Piero. "Roxy Music". pieroscaruffi.com (italiensk). Henta 31. mars 2011.
↑ Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.
Roxy Music | |
---|---|
Bryan Ferry · Andy Mackay · Phil Manzanera · Paul Thompson Brian Eno · Eddie Jobson · Graham Simpson · John Gustafson · Paul Carrack · Andy Newmark · Rick Wills · Alan Spenner · Gary Tibbs | |
Studioalbum | Roxy Music · For Your Pleasure · Stranded · Country Life · Siren · Manifesto · Flesh + Blood · Avalon |
Singlar | «Virginia Plain» · «Pyjamarama» · «Do the Strand» · «Street Life» · «All I Want Is You» · «The Thrill of It All» · «Love Is the Drug» · «Both Ends Burning» · «Trash» · «Dance Away» · «Angel Eyes» · «Over You» · «Oh Yeah» · «Same Old Scene» · «In the Midnight Hour» · «Jealous Guy» · «More Than This» · Avalon · «Take a Chance With Me» · «Like a Hurricane» |
Konsertalbum | Viva! · The High Road · Heart Still Beating · Concert Classics · Concerto · Live |
Samleplater | Greatest Hits · The First Seven Albums · The Atlantic Years · Street Life: 20 Great Hits · The Ultimate Collection · More Than This · The Thrill of It All · The Early Years · Slave To Love · The Best of Roxy Music |
Tilknytte artiklar | Diskografi · Chris Thomas |
|