Karolinska Institutet
Koordinatar:
Karolinska Institutet | |
| |
Motto | Att förbättra människors hälsa |
---|---|
Type | Universitet |
Stad | Solna og Huddinge |
Studentar | 6 078 (2014) |
Nettstad | ki.se |
Karolinska Institutet (KI) er eit svensk medisinsk universitet med den største campusen sin i Solna. KI er eit statlig universitet og er organisert i 22 relativt sjølvstendige institusjonar som driv med forsking og utdanning. Det er det største senteret i Sverige for medisinsk utdanning og forsking, med 30 prosent av den medisinske utdanninga og 40 prosent av den medisinske forskinga i landet.
Universitetet blei grunnlagd i 1810 som Kongl. Carolinska medico-chirurgiska institutet. Sidan 1901 har Nobelforsamlinga ved KI peikt ut mottakaren av Nobelprisen i fysiologi eller medisin.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Karolinska Institutet» frå Wikipedia på bokmål, den 20. april 2016.
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell nettstad
|
Denne utdanningsartikkelen som har med medisin å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.