Rodina

Multi tool use
Narodno-patriotitsjeskij sojuz Rodina (russisk Народно-патриотический союз Родина, Den folke-patriotiske unionen Moderland) var eit politisk parti i Russland frå 2003 til 2006, då det gjekk inn i det nye partiet Rettferdig Russland (Spravedlivaja Rossija). Det vart stifta i september 2003 som ein valallianse til parlamentsvalet i 2003 av fleire nasjonalistiske og venstre-orienterte grupper. Dei tre fremste leiarane var Sergej Glaziev, Sergej Baburin og Dmitrij Rogozin. Partiet fekk 9,0 % av røystene ved valet i 2003. Motstandarar av partiet hevda at det hadde blitt stifta på oppmodinga av Vladimir Putin sitt regime for å trekkja støtte bort frå kommunistpartiet. Rodina stilte ingen kandidat til presidentvalet i 2004. Som resultat av dette trekte Sergej Glaziev seg frå partiet og stilte som uavhengig kandidat. Han fekk 4,1 % av røystene. Partiet har òg ellers vore utsett for indre uro.
Rodina fekk ikkje lov å delta i valet til byparlamentet i Moskva i desember 2005 fordi kampanjen deira vart dømt å oppmoda til rasehat. Ein av partiet sine valplakatar viste mørkhuda kaukasar som kasta vassmelonskal på bakken, med teksten "la oss rydda byen vår for bos" under.
28. oktober 2006 slo Rodina seg saman med Det russiske pensjonistpartiet (Rossijskaja partija pensionerov) og Det russiske livspartiet (Rossijskaja partija zjizni) under namnet Rettferdig Russland: Moderland/Pensjonistar/Liv (Spravedlivaja Rossija: Rodina/Pensionery/Zjizn)[1]. Rodina var det einaste av desse tre partia som var representert i dumaen frå før. Det nye partiet har erklært seg som eit støtteparti for president Putin. Den første testen for det nye partiet vert regionalval i 14 føderasjonssubjekt den 11. mars 2007.
Kjelder |
- Partiet sine offisielle heimesider
kuNsvj2 wSebzCuDNYOEme q
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...