Margaret Eckbo
















Margaret Eckbo

Fødd
20. oktober 1948
Oslo
Yrke
politikar, offentlig tjenestemann, bedriftsleiar, sjukepleiar

Margaret Eckbo (fødd 20. oktober 1948 i Oslo) er ein norsk politikar for Frp. Ho var byråd for velferd og sosiale tenester i Oslo i perioda 2003 til 2006, og vart i 2006 direktør i Gravferdetaten i Oslo kommune.


Eckbo er utdanna sjukepleiar og har jobba som avdelingssjukepleiar på Ullevål sjukehus. Ho var dagleg leiar for bygningsfirmaet Borgea Bygg AS frå 1989 til 1995.


Eckbo gjekk inn i byrådet i 2003. Ho stod bak ein del omstridde vedtak, blant anna vedtaket om å oppløysa det såkalte Plata-miljøet. I oktober 2005 fremja Raud Valallianse sin representant i bystyret, Erling Folkvord, mistillitsforslag mot Eckbo. I august 2005 måtte ho offentleg seia seg lei for ei utsegn der ho samanlikna ein katt og menneske med Downs syndrom. Eckbo trekte seg som byråd 17. januar 2006.[1]
Hausten 2006 vart ho tilsett av Byrådet i Oslo som ny direktør i Gravferdetaten i ei åremålsstilling på seks år.


Eckbo var gift med Eivind Eckbo (1927–2017), som var formann i Anders Langes parti, forlauparen til Framstegspartiet, frå 1974 til 1975.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Margaret Eckbo» frå Wikipedia på bokmål, den 26. januar 2018.



Bakgrunnsstoff |



  • Ny direktør i Gravferdetaten



  • https://www.aftenposten.no/norge/i/8JB4E/Margaret-Eckbo-gar-av-som-byrad-i-Oslo








  • Popular posts from this blog

    What are all the squawk codes?

    What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

    Hudsonelva