Anne Gerd Eieland(fødd 28. desember 1982) er ein tidlegare høgdehoppar frå Iveland i Aust-Agder. Ho vart noregsmeister i øvinga i alle åra frå 2001 til og med 2005, samt i 2007. Hennar bestehopp på 1,93 meter kom i 2003.
Innhaldsliste
1Aktiv
1.1Medaljar i norske meisterskap
1.2Personlege rekordar og årsbeste
2Notar
3Kjelder
Aktiv |
16 år gammal fekk Eieland sølvmedaljen under NM med personleg rekord på 1,78 m, trass i at ho låg ein divisjon under den suveren vinnaren Hanne Haugland som tok seg over 1,94 m. To år seinare tok ho over som Noregs beste kvinnelege høgdehoppar, ho forbetra den personlege rekorden til 1,84 m og vart norsk meister for fyrste gong. I 2002 persa ho med 1,86 m og vann nytt NM-gull.
2003-sesongen var Eieland i sitt livs form. Allereie 1. juni forbetra ho den personlege rekorden til 1,90 m i Øyestad og seinare i juni auka til 1,92 m i Riga. Under stemnet i Øyestad sette ho også personleg rekord i tresteghopp med 13,13 m. Ho deltok i høgdehopp under VM 2003 i Paris, men der stoppa ho 1,85 m og var heile seks cm unna å kvalfisere seg til finalen. Den 15. august gjorde ho derimot sitt livs høgdehopp då ho i Kristiansand svinga seg over 1,93 m.
Eieland vart norsk meister både i 2003, 2004 og 2005. Etter 2003 stoppa framgongen opp og ho sleit mykje med å kome opp mot 1,90 m på resultatlista. Ho kvalifiserte seg til EM 2006 i Göteborg[1], men klarte ikkje opningshøgda på 1,78 meter i kvalifiseringa. I 2007 tok ho sitt sjette NM-gull og si niande strake NM-medalje i høgdehopp. Etter sesongen la ho opp, 25 år gammal.[2]
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...