Musea i Sogn og Fjordane
Musea i Sogn og Fjordane vart stifta 14. januar 2009 og er ei konsolidering av følgjande museum: Kystmuseet, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum og Norsk Kvernsteinsenter (frå 1.1.2013). Musea held fram som likeverdige avdelingar med eigne namn i den konsoliderte museumseininga. Dei tidlegare eigarne av musea har overdratt det faglege, administrative og økonomiske ansvaret til det nye museet. Fellesadministrasjonen er per i dag situert på Sandane. Direktør for museet er Anne Marie Førde. Styreleiar er Harry Mowatt.
Samlingane til Musea i Sogn og Fjordane er delvis digitalisert. Det betyr at ein kan hente opplysningar om kring 11500 gjenstandar på nettsida til DigitaltMuseum.
Bakgrunnsstoff |
- Nettstaden til Musea i Sogn og Fjordane
Musea i Sogn og Fjordane
Musea i Sogn og Fjordane | |
|---|---|
Kystmuseet · Sogn og Fjordane Kunstmuseum · Sunnfjord Museum · Nordfjord Folkemuseum · De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum · Norsk Kvernsteinsenter |