Sion i Sveits
Sion | |||
---|---|---|---|
Gamlebyen i Sion | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Valais | ||
Distrikt | Sion | ||
Språk | fransk | ||
Borgarmeister | Marcel Maurer | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune | 25,6 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik | 30 363 1 186,1 /km² | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 500 moh | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 1950 | ||
Nettstad: www.sion.ch |
Sion (tysk Sitten, Latin Sedunum) er hovudstade i den sveitsiske kantonen Valais. Kommunen har 30 363 innbyggjarar (2010) og eit areal på 26 km². Kommunesenteret ligg 500 meter over havet.
Innhaldsliste
1 Historie
2 Demografi
3 Attraksjonar
3.1 Museum
3.2 Bygningar
4 Vindyrking
5 Transport
6 Kjelder
7 Bakgrunnsstoff
Historie |
Arkeologiske utgravingar har vist at området har vore busett sidan steinalderen. Då det keltiske Wallis vart erobra av romarar i år 15 f.Kr. oppstod kolonien Sedunum. I 580 vart Sedunum sete for biskopen av Martigny, og frå 999 var biskopen også verdsleg herskar over området.
Demografi |
Tradisjonelt har byen vore tospråkleg (fransk og tysk), over 50 % snakka tysk i 1870, I nyare tid har fransk språk i stor grad fortrengt tysk. Omkring 70 % av innbyggjarane snakkar i dag fransk, 5 % tysk og 5 % italiensk, resten snakkar utanlandske språk.
Attraksjonar |
Museum |
I Sion er det fleire museum, mellom andre eit naturhistorisk museum og eit arkeologisk museum. Musée de Valère stiller ut våpen, uniformer med meir.
Bygningar |
Karakteristisk for Sion er eit mellomaldersk bybilete, omgitt av klippene Valère (621 m) med valfartskyrkja Notre-Dame de Valère (1200-1300-talet) og Tourbillon med ruinen av det tidlegare biskops-slottet frå det 13. hundreåret.
I gamlebyen ligg katedralen Notre-Dame-du-Glarier, bygd i det 15. hundreåret, med eit romansk tårn frå det 12. hundreåret.
Sørvest for katedralen ligg kyrkja St-Théodule. Bygginga tok til i 1516 i seingotisk stil, og varte i to hundreår. Lenger aust i byen ligg rådhuset, bygt mellom 1657 og 1665 i renessansestil.
Vindyrking |
Sion har eit mildt klima, og er etter Satigny og Chamoson det viktigaste vinområdet i Sveits. Den største vindyrkarsamanslutninga i Sveits, 'Provins', har sitt hovedsete i Sion.
Transport |
Sion ligg ved jarnbanelinja Lausanne-Brig og ved den ein gong viktige alpe-transittstrekninga Lausanne-Simplon-Domodossola. Byen har ein liten flyplass, som ligg eit stykke vest for byen.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Sion i Sveits» frå Wikipedia på bokmål, den 15. mars 2010.
Bakgrunnsstoff |
Offisiell nettstad (tysk) (fransk)- Turistguide
|