Sivilombodsmannen











































Stortingets ombodsmann for forvaltninga
Coat of arms of Norway.svg

Type Ombodsmann
Org.nummer 974 761 270
Skipa 22. juni 1962
Hovudkontor
Akersgata 8, Oslo
Sivilombudsmann
Aage Thor Falkanger[1]
Verkeområde Noreg
Tilsette 64 (i 2015)[2]
Eigarskap Stortinget
Nettstad www.sivilombudsmannen.no

Sivilombodsmannen (formelt Stortingets ombodsmann for forvaltninga) er Stortinget sin ombodsmann for den sivile forvaltninga. Sivilombodsmannen har til oppgåve å sikre at offentlege styresmakter (kommune, fylkeskommune og staten) ikkje gjer urett mot den enkelte borgaren.


Sivilombodsmannen kontrollerer den offentlege forvaltninga på grunnlag av klager frå folk som meiner at det er gjort urett og feil mot dei frå forvaltninga si side. Både statleg, kommunal og fylkeskommunal forvalting ligg under ombodsmannen sitt saksområde. Ombodsmannen kan òg ta opp saker av eige tiltak, altså utan at det ligg føre klage frå andre.


Det kostar ikkje noko å klage til Sivilombodsmannen. Alle kan gjere det ved å fylle ut eit klageskjema eller ved å skrive eit brev. Klaga må alltid vere skriftleg. Straks klaga er komen inn, går ein saksførehavar gjennom ho og vurderer om det ligg til ombodsmannen å handsame ho. Dersom saka ikkje kan handsamast, får klagaren ei grunngjeve melding om dette innan to veker.


Kjem ombodsmannen til at det er grunn til å sjå nærare på saka, får klagaren eit førebels svar før det vert vurdert om saka skal takast opp med det forvaltningsorganet som klaga gjeld. Er det etter ombodsmannen sitt syn grunnlag for nærare gransking, får forvaltningsorganet høve til å svare på klaga og på eventuelle spørsmål som ombodsmannen har stilt i tillegg. Klagaren får deretter høve til kommentere svaret frå forvaltningsorganet. Ombodsmannen vil til slutt seie si meining om saka. Eventuell kritikk frå ombodsmannen er ikkje formelt bindande for forvaltningsorganet, men det er praksis for at forvaltningsorganet vil fylgje tilrådingar og rette seg etter kritikk frå ombodsmannen.



Kjelder |




  1. «Aage Thor Falkanger tiltrer som sivilombudsmann». Sivilombudsmannen. 16. juni 2014. Henta 4. mai 2016. 


  2. Talet på tilsette i følge Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes forvaltningsdatabase



  • Sivilombodsmannens internettsider.


Bakgrunnsstoff |


  • Utsegner frå ombodsmannen i saker av ålmenn interesse som har vore til førehaving























Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva