Oppedalselva






































Oppedalselva

elv
Land

Flag of Norway.svg Noreg

Nedslagsfelt
12,1 km²


Lengd
8,9 km
Middelvassføring

1,27 m³/s

Kjelde
Skiddalsvatnet
Munning

Sognefjorden



Oppedalselva er ei elv i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Ho har utspring frå Skiddalsvatnet på fjellområda austom Risnefjorden, mellom Synnlikletten og Grønnlifjellet. Elva renn mot nordaust gjennom fleire små og høgtliggande vatn, før ho fell bratt ned i dalen ved Oppedalsstølen. Like nedanfor fell den rundt 150 meter høge Lønningefossen ned frå vestsida av den djupe og tronge dalen. Heretter renn elva mot nord-nordvest til ho munnar ut i Sognefjorden ved Ytre Oppedal. Langs den siste kilometeren før fjorden ligg det busetnad og jordbruksområde på begge sider av elva. Oppedalselva er 8,9 km lang, og har eit nedbørfelt på 12,1 km².[1]Middelvassføringa ved munningen er 1,27 m³/s.[1]



Fiske |


Vassdraget hadde under dei siste tiåra av 1900-talet ein sterk reduksjon i fiskebestandane på grunn av sur nedbør. Dei øvste dela av nedbørfeltet vart hardast ramma, og i Skiddalsvatnet og Krokelivatnet, som er dei to høgast liggjande innsjøane, døydde bestanden av aure ut allereie på 1970-talet. I Grønlivatnet og Klypevatna, som ligg mellom ein og to kilometer nedstraums desse, var det enno i 1990 tynne bestandar av aure, men òg i desse vatna vart det på 1970-talet registrert ein nedgang i aurebestanden.[2]


I seinare år er det sett ein monaleg betring i tilhøva for fiskebestandane i Gulen. Bestanden av aure har auka i fleire vatn austom Fjordsdalen, blant anna i Grønlivatnet og Klypevatna der bestanden har auka frå «tynn» til «middels tett».[3]



Kjelder |





  1. 1,01,1 NVE Atlas, Norges vassdrags- og energidirektorat


  2. Annie Elisabeth Bjørklund: Naturressurskartlegging i Gulen kommune, Sogn og Fjordane: Miljøkvalitet i vassdrag, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 155, mars 1995, ISBN 82-7658-050-5


  3. Trygve Hesthagen Gunnel Østborg: Endringer i areal med forsuringsskadde fiskebestander i norske innsjøer fra rundt 1990 til 2006, NINA Rapport 169, Trondheim, desember 2008, ISBN 82-426-1724-4



Koordinatar: 61°03′20″N 05°30′34″E







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva