Göran Persson
Göran Persson | |
Fødd | 20. januar 1949 Vingåker |
Yrke | politikar |
Göran Persson på Commons |
Hans Göran Persson (fødd 20. januar 1949) er ein svensk politikar. Frå mars 1996 til 6. oktober 2006 var han statsminister i Sverige. Han var partileiar for socialdemokraterna frå 1996 til 2007. Mellom 1985 og 1989 var han ordførar i Katrineholms kommun i Södermanlands län. I 1989 vart han undervisingsminister fram til 1991, då socialdemokraterna tapte valet. Etter at dei kom tilbake til makta i 1994, vart han utnemnd til finansminister, fram til 1996, då han avløyste Ingvar Carlsson som statsminister.
Som politikar er Persson kjend som ein retorisk talar.[1] Han skriv sine eigne talar, og ofte skriv han ikkje talar i det heile teke før han entrar scena. Han er også kjent for den tøffe leiarskapen sin. Som byrådsmedlem i Katrineholms kommun fekk han kallenamnet «HSB» – ‘han som bestämmer’.[2] Kallenamnet viser elles til bustadføretaket Hyresgästernas sparkasse- och byggnadsförening.
Göran Persson fekk den internasjonale miljøutmerkinga Sofie-prisen i 2007 for kamp mot klimakrisa gjennom politiske miljøtiltak i Sverige.[3] Sidan 2007 har Persson arbeidd som senior advisor for det nordiske kommunikasjonsrådgjevingsføretaket JKL Group.
Persson er gift med Anitra Steen, som tidlegare var direktør i Systembolaget.
Innhaldsliste
1 Bibliografi
2 Kjelder
2.1 Referansar
3 Bakgrunnsstoff
3.1 Nettstader
3.2 Litteratur
4 Sjå òg
Bibliografi |
- (2001) Tankar och tal
- (2002) Kunskap och kärlek
- (2003) Vägskäl
- (1997) Den som är satt skuld är icke fri
Kjelder |
Referansar |
↑ Startet valgkamp med Midtøsten på Dagsavisen.no.
↑ «Perssons grepp blir allt hårdare» av Tove Nandorf på DN.no (08.01.2006).
↑ Pressemelding: «Sofie-prisen 2007» på Sophieprize.org (15.02.2007).
Bakgrunnsstoff |
Nettstader |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Göran Persson
- Regeringskansliet – Göran Persson
- Göran Persson i talarstolen: en studie i Sveriges statsministers retoriska förmåga i valda debatter 1996-2000
Litteratur |
Mats Ögren: Makten framför allt: en antologi om statsminister Göran Persson, (2005) ISBN 91-46-21154-3. Forfattarar mellom andre Sören Gyll, Lena Mellin, Lena Smedsaas, og Niklas Ekdal
Sjå òg |
- Regjeringa Persson
- Svenske regjeringar
- Svenske statsministrar
Føregangar Ingvar Carlsson | Statsminister i Sverige 1996–2006 | Etterfylgjar Fredrik Reinfeldt |
|