Snikskyttar






USA-amerikansk snikskyttar ved vindauge i Afghanistan i 2006.


Snikskyttar er nemninga på slike militære skarpskyttarar som har ei taktisk rolle i kamp, eller privatpersonar som opererer i kriminell samanheng for å ta livet av særleg utpeikte ofre. Dei står eller ligg vanlegvis gøymde for offeret og andre, og skyt på langt hald.Eit av dei mest kjende snikskyttarmorda i verda er mordet på USAs president John Fitzgerald Kennedy 22. november 1963 medan han vitja byen Dallas i delstaten Texas.
Militære snikskyttarar, som ofte har tittelen skarpskyttarar, er kjende for å halda låg profil i kampsonar, og rifle med kikkertsikte er oftast deira primærvåpen.


Skilnaden mellom skarpskyttar (engelsk marksman) og snikskyttar (engelsk sniper) er likevel stor i militær samanheng. Ein skarpskyttar er ein infanterisoldat som er spesialist på skarpskyttargevær og særs god i bruken av dette. Organisatorisk er skarpskyttaren å finne i eit infanterilag, tropp eller kompani som einskild soldat. Snikskyttarar opererer oftast i par - ein observerer og korrigerer elden, og den andre skyt på instruks frå observatøren. Organisatorisk finn ein desse i eigne einingar - lag eller tropp, og oppgåvene er oftast å ta ut særs viktige mål hjå fienden i løynd frå kamuflerte stillingar etter lang tids venting på at målet skal dukke opp. Utdanninga hjå snikskyttaren er ofte lang og hard, fordi personen skal lære seg å operere i par langt frå eigne styrkar, navigere i løynd i ukjent og ofte fiendtleg lende og finne gode skyte- og observasjonsstillingar som ikkje lett kan oppdagast av fienden. Ein kan difor seie at ein snikskyttar er ein skarpskyttar, men ikkje omvendt.[1][2][3][4]
Dette poenget kjem godt fram i filmen Snikskyttar (Shooter på engelsk).
Snikskytter (film) er ein amerikansk actionthriller frå 2007 regissert av Antoine Fuqua. Den er basert på romanen Point of Impact av Stephen Hunter. Filmen handlar om en snikskyttar, Bob Lee Swagger (Mark Wahlberg), som hamna i konkurranse med ein skarpskyttar.


Ved høve kan ein snikskyttar ta ut så viktige mål at ein kan tala om asymmetrisk krigføring[5]
Snikskyttarar er òg særs dugande til å ta ut fiendtlege snikskyttarar[6]




Amerkansk snikskyttarpar i Afghanistan




Eit nederlandsk snikskyttarpar i teneste for ISAF-kommandoen



Sjå òg |



  • Skarpskyttar

  • Sniksyttardeteksjon

  • Krypskyttar





Referansar |




  1. «Discovery Shows - Watch Now for FREE!», www.discovery.com (på engelsk), henta 2018-11-11 


  2. «Everything You Need to Know About Army Sniper School». The Balance Careers (på engelsk). 


  3. http://army.com/forum/sniper


  4. Gavrilov, Yuri "Take a bead: Army gets sniper schools" Rossiiskaya gazeta 19. oktober 2011.


  5. Jackson,
    Mike (2006). [http://www.vilaweb.cat/media/attach/vwedts/docs/op_banner_analysis_released.pdf Operation Banner:
    An Analysis of Military Operations in Northern Ireland]. MoD, Army Code 71842



  6. Bray, Hiawatha (4 October 2005). «Robotic-vacuum maker, BU team up on anti-sniper device». The Boston Globe. 



Spire Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva