Åfjorden i Åfjord






Botn av Åfjorden sett frå Melanakken.


Åfjorden er ein fjord i Åfjord kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 14 km nordaustover til Å i Åfjord i botn av fjorden.


Fjorden har innløp frå Lauvøyfjorden ved Straumsholmen i sørvest. Sør for Straumsholmen går Oldfjorden sørvestover, medan Mørrifjorden er ein fjordarm sørover nesten heilt inne i fjorden.


Selnes ligg på vestsida av fjorden ved innløpet og mellom dette neset og neset Øyan ligg Indre Selnesvågen. Nord for Øyan ligg Rånesvikan med øyane Øyaøya og Rånesøya. Grenda Rånes ligg på eit nes på nordsida av fjorden. Nordaust for Rånes ligg Dragseidet, eit 300 meter breitt eid der Eidsfjorden ligg på andre sida.


Fjorden endar i dei tre buktene Monstadbukta ved Monstad i vest, Stenkarbukta i midten og Svalan lengst aust. I botn av fjorden munnar både Stordalselva og Norddalselva ut i fjorden.


Fv50 går langs delar av vestsida av fjorden.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva