Eight Days a Week
Eight Days a Week av The Beatles frå albumet Beatles for Sale | ||
Utgjeve | 4. desember 1964 | |
Innspelt | 6 and 18. oktober 1964 EMI Studios, London | |
Sjanger | Rock[1] | |
Lengd | 2:44 | |
Selskap | Parlophone, Capitol (amerikansk singel) | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
---|---|---|
Produsent | George Martin | |
Amerikansk The Beatles-singel-kronologi | ||
«I Feel Fine» (1964) | Eight Days a Week | «Ticket to Ride» (1965) |
Eight days a week I love you, Lennon/McCartney |
«Eight Days a Week» er ein song skrive av John Lennon og Paul McCartney, og spelt inn av The Beatles for albumet deira Beatles for Sale frå 1964.
Songen vart planlagt gjeve ut på singel, men til slutt vart han berre gjeve ut i USA den 15. februar 1965 der han gjekk til førsteplass. B-sida var «I Don't Want to Spoil the Party». Singelen vart gjeve ut i USA etter at radiokanalr spelte songen frå importerte eksemplar av Beatles for Sale, som ikkje vart gjeve ut i USA. Songen var heller ikkje på den amerikanske versjonen av Beatles for Sale kalla Beatles '65. Seinare vart han gjeve ut på det amerikanske albumet Beatles VI.
Paul McCartney har fortalt to historier om korleis tittelen på songen kom til. Den eine var at det var ein sjåfør som sa at han hadde jobba «eight days a week» då han køyrte McCartney til studio ein gong.[2] Den andre forklaringa var at Ringo Starr ein gon sa dette feil.[3]
Eight Days a Week var ein av dei første songane der bandet verkeleg eksperimenterte i studio. I løpet av to innspelingar på totalt nesten sju timar den 6. oktober brukte dei berre tid på denne songen. Dei første seks forsøka var med heilt forskjellige byrjingar og den noverande byrjinga var frå ei anna innspeling enn resten av songen.[4] Den endelege versjonen inneheld òg ein annan raritet, han vert tona inn i motsetnad til mange popsongar som vert tona ut på slutten.
Innhaldsliste
1 Medverkande
2 Salslister og salstrofé
2.1 Salslister
2.2 Salstrofé
3 Andre versjonar
4 Kjelder
5 Bakgrunnsstoff
Medverkande |
John Lennon – double-tracked solovokal, acoustic rytmegitar, klapping
Paul McCartney – harmonivokal, bassgitar, klapping
George Harrison – korvokal, sologitars,[5] klapping
Ringo Starr – trommer, klapping
- Personell per Ian MacDonald[6]
Salslister og salstrofé |
|
Liste (1965) | Plassering |
---|---|
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[7] | 1 |
Canada Top Singles (RPM)[8] | 1 |
Nederland (Mega Single Top 100)[9] | 1 |
US Billboard Hot 100[10] | 1 |
US Cash Box Top 100[11] | 1 |
Vest-Tyskland Media Control [12] | 5 |
Salstrofé |
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
USA (RIAA)[13] | Gull | 1 000 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Andre versjonar |
Songern har vorte spelt av
Alma Cogan i 1965
The Supremes i 1965
Procol Harum i 1975
Billy Preston i 1976
The Runaways i 1978
Joan Jett i 1982
Lorrie Morgan i 1987
The Libertines i 2003
- The Punkles
B.E. Taylor i 2006
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Eight Days a Week» frå Wikipedia på engelsk, den 9. oktober 2008.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ «The Beatles 'Eight Days a Week'». AllMusic. Henta 11. mars 2018.
↑ The Beatles (2000). The Beatles Anthology. San Francisco: Chronicle Books. s. 159. ISBN 0-8118-2684-8.
↑ 1984 Playboy-intervju http://www.music.indiana.edu,
↑ The Beatles Bible: Eight Days A Week Vitja 10. oktober 2008.
↑ Everett 2001, s. 262.
↑ MacDonald 2005, s. 132.
↑ "Ultratop.be – The Beatles – Eight Days a Week" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 11. mars 2018.
↑ "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 11. mars 2018.
↑ "Dutchcharts.nl – The Beatles – Eight Days a Week" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 11. mars 2018.
↑ "Beatles?f=379&g=Singles The Beatles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Beatles. Prometheus Global Media. Henta 11. mars 2018.
↑ Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950-1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 32–34.
↑ «Offizielle Deutsche Charts» (Enter «Beatles» in the search box) (på German). GfK Entertainment Charts. Henta 11. mars 2018. CS1 maint: Unrecognized language (link)
↑ «American single salstrofé – The Beatles – Eight Days a Week». Recording Industry Association of America. Henta 11. mars 2018. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (Second Revised utg.). London: Pimlico (Rand). ISBN 1-84413-828-3.
Bakgrunnsstoff |
- Alan W. Pollack sin omtale av songen
Singlane til The Beatles | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Storbritannia og USA (alle selskap) |
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Berre Storbritannia (Parlophone, Apple) |
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Berre USA (Vee-Jay, Swan, Tollie, Capitol, Apple) |
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Andre land (Odeon, Parlophone, Apple) |
|