Harstad kommune



































































Harstad kommune

Hársttáid suohkan

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Troms


Adm.senter

Harstad

Areal
446 km²
 - land
429 km²
 - vatn
17 km²

Folketal
24 820 (1. januar 2018)
Folketettleik

58 / km²



Målform
nøytral

Ordførar
Marianne Bremnes (Ap)


Kommunenr.
1903




NO 1903 Harstad.svg




Wikimedia Commons: Harstad

Nettstad: www.harstad.kommune.no


Harstad, på nordsamisk Hárstták,[1] er ein kommune i Troms fylke. Han er etter folketal den nest største kommunen i fylket og den tredje største i Nord-Noreg. Under kommunereforma i 1964 blei Harstad slått saman med dei to tidlegare kommunane Trondenes og Sandtorg, og i 2013 med den tidlegare Bjarkøy kommune. Kommunen ligg på nord- og austsida av Hinnøya, den største øya i Noreg, i tillegg til Grytøya, Bjarkøy, Sandsøya og ei rekkje mindre øyer.




Hurtigruteskipet MS «Kong Harald» til kai i Harstad.


Byen Harstad er administrasjons- og skulesenter Sør-Troms, og eit viktig trafikknutepunkt, med mellom anna daglege vitjingar av Hurtigruta. Dei nordnorske festspela blir arrangerte i Harstad kvart år i slutten av juni. Lokalavisa i kommunen er Harstad Tidende.




Innhaldsliste






  • 1 Forsvaret


  • 2 Bydelar og bygder


  • 3 Folketalsutvikling


  • 4 Kjende harstadværingar


  • 5 Verdt å sjå


  • 6 Fotnotar


  • 7 Bakgrunnsstoff





Forsvaret |


Harstad er tidlegare forsvarsby med Trondenes leir som mellom anna viser fram Adolfkanonen frå den andre verdskrigen. Han huser eller har husa:




  • Befalsskolen for Infanteriet i Nord-Norge låg i Trondenes leir fram til han blei lagt ned sommaren 2003.


  • Kystjegerkommandoen nyttar framleis Trondenes leir, men det har vore snakk om å flytta KJK til Tromsø.


  • Forsvarets musikkorps Nord-Norge (også kjent som divisjonsmusikken)

  • Forsvarets Lønnsadministrasjon

  • Kystvakta KV «Harstad» har fått namnet sitt etter byen



Bydelar og bygder |


Harstad by har tolv bydelar: Trondenes, Sama, Harstadåsen, Skaret, Sentrum, Heggen, Seljestad, Harstadbotn, Åsby, Gangsås, Stangnes og Kanebogen.


Desse tettstadane og bygdene, rekna sørover frå nordvest, ligg i kommunen: Kasfjord, Ervik, Hagan, Kilhus, Grøtavær, Lundenes, Alvestad, Medkila, Breivik, Ruggevik, Kilbotn, Nordvik, Melvik, Sørvik, Halsebø, Fauskevåg, Gausvik, Haukebø og Sandtorg.



Folketalsutvikling |


Harstad kommune er den nest største kommunen i Troms etter folketal, og har vore det sidan kommunesamanslåingane i 1964.


Folketalsutvikling for noverande Harstad kommune frå 1930:

























1.12.1930[2]
3.12.1946[2]
1.1.1951[3][4][5]
1.1.1961[3][4][5]
1.1.1971[3]
1.1.1981[3]
1.1.1991[3]
1.1.2001[3]
1.1.2010[3]
11 441a
13 202a
14 039a
17 192
19 986
21 613
22 369
23 038
23 257


aTalet omfattar ikkje eit område som var del av Kvæfjord kommune fram til 1956, då det vart overført til gamle Trondenes kommune. Dette området hadde då 32 innbyggjarar.


Kjende harstadværingar |





Kine Hellebust, songar, skodespelar




  • Knut Andersen (1931–), filmregissør


  • Leif Bothner, (1905-1986) Milorg-leiar


  • Unni Anisdahl (1947–), sportsreportar i NRK (radio)


  • Kristin Clemet (1957–), politikar


  • Hans Egede (1686–1758), «Grønlands apostel»


  • Randi Hansen (1958–), popsongar


  • Karl Erik Harr (1940–), biletkunstnar


  • Kine Hellebust (1954–), songar, skodespelar


  • Leif Arne Heløe (1932–), politikar, sosialminister


  • Jon Lech Johansen (1983–), («DVD-Jon»)


  • Hanna Kvanmo (1926–2005), politikar


  • K.M. Myrland (1948–), visesongar


  • Runar Normann (1978–), fotballspelar


  • Iren Reppen (1965–), artist, forfattar


  • Kjetil Rolness («Jens Pikenes») (1961–), artist, forfattar/skribent


  • Lars A. Sandness («Poppa-Lars») (1973–), hip-hop-artist i Tungtvann


  • Odd Børre Sørensen («Rocke-Børre»), popsongar


  • Reidar Thomassen («Richard Macker») (1939–), forfattar


  • Tove Veierød (1940–), politikar, sosialminister


  • Unni Wikan (1944–), professor i sosialantropologi



Verdt å sjå |





Trondenes kyrkje




  • Trondenes kyrkje frå ca 1250


  • Harstad kyrkje frå 1958

  • Harstad kulturhus

  • Trondarnes Distriktsmuseum

  • Trondenes Historiske Senter

  • Altevågen

  • Røkenes Gård

  • Sandtorgholmen

  • Adolfkanonen



Fotnotar |





  1. Fastsetting av samisk navn på Harstad kommune, Troms. Vitja 8. september 2018.


  2. 2,02,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)


  3. 3,03,13,23,33,43,53,6 Folkemengd i Harstad 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå


  4. 4,04,1 Folkemengd i Sandtorg 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå


  5. 5,05,1 Folkemengd i Trondenes 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå




Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Harstad kommune


  • Harstad kommune sine heimesider









Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva