Rovigo

















































Rovigo
Plassering




Rovigo is located in Italia









Styresmakter
Land
Region
Provins

Italia Italia
Veneto
Rovigo
Først nemnd i

838
Borgarmeister
Fausto Merchiori
Geografi
Flatevidd
 - By


108 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik


51 193
  474/km²
Koordinatar

45°4′″N 11°47′″EKoordinatar: 45°4′″N 11°47′″E
Høgd over havet
6 m
Diverse annan informasjon
Postnummer
45100
Telefon-retningsnummer
0425

Nettstad: www.comune.rovigo.it

Rovigo er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Rovigo i regionen Veneto og har om lag 50 000 innbyggjarar.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Historie


  • 3 Bakgrunnsstoff


  • 4 Kjelder





Geografi |


Rovigo ligg i eit lågtliggande område kalla Polesine, 80 km med jernbane sørvest for Venezia og 40 km sørvest for Padova ved Adigettokanalen. Kommunen Rovigo strekker seg mellom elvane Adige og Canalbianco, 40 km vest for Adriahavet. Ein frazione, Fenil del Turco, strekker seg derimot sør for Canalbianco.


Polesine er namnet på det lågtliggande område mellom elvane Adige og Po og sjøen. Opphavet til dette namnet er ikkje kjend og vert stort sett berre nytta om provinsen Rovigo, men stundom òg om naboområda Adria og Ferrara.




Piazza Vittorio Emanuele II i Rovigo.



Historie |


Rovigo (både Rodigium og Rhodigium på latin) dukkar først opp i skriftlege kjelder frå Ravenna den 24. april 838. Opphavet til byen er usikkert. I 920 vart han vald som mellombels residens for biskopen av Adria, Paolo Cattaneo, då byen hans vart øydelagd av ungarske herjingar. Han starta bygginga av festningsverk som stod ferdig alt i 945. Vicomten av Rovigo bygde fleire murar i 1130-åra for Huset Este. Dagens Torre Donà er restane etter borga som vart bygd ein gong i tida mellom. Ho er 66 meter høg og kan vere det høgaste murtårnet på denne tida om datoen det vert sagt det stod ferdig er riktig.


I 1194 kom Rovigo formelt under Azzo VI d'Este, hertugen av Ferrara, som tok tittelen conte (greve) av Rovigo. Este sitt styre enda i 1482 då Republikken Venezia tok byen med etter ei omleiring. Este tok tilbake byen under Cambraiforbundskrigen, men venetianarane fekk han tilbake i 1514. Dei haldt på byen fram til den franske revolusjonen. I 1806 oppretta Napoleon Bonaparte eit hertugleg storlen for general Anne Jean Marie René Savary. Etter napoleonskrigane gjekk byen til Keisardømmet Austerrike i 1815 og han fekk status som keisarby.


Rovigo vart annektert til Kongedømet Italia i 1861. I 1866 vart han forbunde med jernbane til Padova, Ferrara, Verona (via Legnago) og Chioggia (via Adria). På 1900-talet vart byen industrialisert og den viktigaste industrien var eit sukkerraffineri. I 1937 vart Adigetto-kanalen omleia vest for byen og ei stor gate, Corso del Popolo, vart bygd over det tidlegare løpet. I åra 1943-1945 var Rovigo ein del av Den italienske sosialrepublikken og har vore ein del av Italia sidan 1946. I 1950- og 1960-åra skjedde det ei dramatisk utvikling i Rovig og han var den byen som vart raskast urbanisert etter den andre verdskrigen.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rovigo



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Rovigo» frå Wikipedia på engelsk, den 8. januar 2008.
    • en oppgav desse kjeldene:


  • forskjellige forfattarar, Rovigo. Ritratto di una Città., Minelliana - Rovigo, 1988.


[*Historia til Polesine av Enzo Sardellaro.











Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva