Sharjah




Koordinatar: 25°21′27″N 55°23′27″E





























Sharjah

الشارقةّ
by

Sharjah city skyline in 2015.jpg

Land

Flag of the United Arab Emirates.svg Dei sameinte arabiske emirata

Emirat

Sharjah

Koordinatar

25°21′27″N 55°23′27″E

Folketal
801 004 (2008)





United Arab Emirates location map.svg

Locator Red.svg




Wikimedia Commons: Sharjah


Sharjah (arabisk الشارقة aš-Šāriqah) er den tredje største byen i Dei sameinte arabiske emirata og utgjer ein del av Dubai-Sharjah-Ajman storbyområde. Han ligg langs nordkysten av Persiabukta på Den arabiske halvøya.


Sharjah er hovudstaden i emiratet Sharjah. Sharjah har blitt styrt av Al Qasimi-dynastiet sidan 1700-talet.


Byen er eit senter for kultur og industri og utgjer aleine 7,4 % av bruttonasjonalproduktet til Dei sameinte arabiske emirata.[1] Byen dekkjer eit areal på kring 235 km² og har over 800 000 innbyggjarar (2008). Sal og konsumering av alkohol er forbode i emiratet Sharjah utan særskild løyve, og ingen av hotella, restaurantane eller butikkane sel alkohol. Dette har gjort at islamsk turisme har vokse kraftig i byen.[2]




Innhaldsliste






  • 1 Oversyn


  • 2 Historie


  • 3 Klima


  • 4 Økonomi


  • 5 Utdanning


  • 6 Idrett


  • 7 Venskapsbyar


  • 8 Galleri


  • 9 Kjelder


  • 10 Bakgrunnsstoff





Oversyn |


Sharjah er den tredje største byen (etter Dubai og Abu Dhabi) i Dei sameinte arabiske emirata. Palasset til herskaren av emiratet Sharjah (Sultan bin Mohamed Al-Qasimi) ligg kring 20 km søraust for byen.


Byen Sharjah har utsikt over Persiabukta og eit folketal på over 800 000 (2008). Av landemerke i byen finn ein to store, tildekte soukar, med islamsk design, og fleire fritidsområde og offentlege parkar, som Al Montazah fornøyelsespark og Al Buheirah-cornichen. Byen er òg kjend for mange elegante moskear.


Etter at bygge-boomen byrja i Dubai i 2005 er det bygd høge skyskraparar og moderne byggverk i område som Al Khan og Khaled-lagunen. Desse moderne bygningane og det auka folketalet dei har ført med seg, samstundes som infrastrukturen ikkje er blitt oppgradert, har ført til at ein ofte har trafikkork i byen. Byen ligg òg mellom dei nordaustlege emirata og Dubai. Mange innbyggjarar i Sharjah reiser dei 15 km for å vitje Dubai i helga. Sharjah grensar til byane Dubai og Ajmān og kring 170 km frå hovudstaden Abu Dhabi.



Historie |


Sharjah var ein av dei mest velståande byane i regionen og området har vore busett i over 5000 år. Tidleg på 1700-talet hadde Qawasim-klanen busett seg i Sharjah og kring 1727 erklærte Sharjah sjølvstendet sitt. Den 8. januar 1820 signerte sjeik Sultan I ein avtale med Storbritannia og aksepterte eit proktektorat for å halde dei osmanske tyrkarane borte. Som dei fire naboane, Ajman, Dubai, Ras al-Khaimah og Umm al-Qaiwain gjorde plasseringa langs ruta til India han viktig nok til at han vart rekna som ein saluttstat (men av lågaste klasse: tre kanonar). Den 2. desember 1971 gjekk sjeik Khalid III inn i Dei sameinte arabiske emirata under grunnlegginga av samskipnaden.


Som dei andre tidlegare Traktatstatane er Sharjah kjend for mange frimerkesamlarar på grunn av dei mange frimerka som vart gjevne ut av Sharjah postkontor, kort tid før danninga av Dei sameinte arabiske emirata.[3]



Klima |


Sharjah har eit heitt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh), med varme vintrar og ekstremt heite somrar. Det kjem generelt lite regn, og det meste kjem i små mengder frå november til mai. Kring to tredjedelar av årsnedbøren kjem i februar og mars.





















































































































































Klimadata for Sharjah
Månad

Jan

Feb

Mar

Apr
Mai

Jun

Jul

Aug

Sep

Okt

Nov

Des
År
Varmerekord °C
32.5
34.4
42.1
43.2
46.4
49.2
47.8
48.2
46.0
41.4
37.2
32.8
49,2
Normal maks. temp. °C
24.2
25.2
28.8
34.0
38.5
40.8
42.2
41.7
39.8
36.0
30.9
26.2
34 03
Døgnmiddeltemp. °C
17.6
18.5
21.5
25.7
29.7
32.1
34.2
33.8
31.2
27.8
23.1
19.4
26 22
Normal min. temp. °C
12.1
12.7
15.3
18.3
21.9
24.6
27.5
27.7
24.3
20.6
16.4
13.5
12,1
Kulderekord °C
3.4
2.5
8.3
10.9
13.0
18.3
21.7
22.2
18.5
13.3
9.2
5.0
2,5
Nedbør (mm)
9.5
34.8
33.0
7.5
1.4
0.0
0.1
0.0
0.0
0.0
5.1
15.5



% relativ fukt
69.0
68.0
64.0
56.0
51.0
56.0
54.0
57.0
62.0
64.0
64.0
69.0
61,17
Normale månadlege solskinstimar
244.9
226.8
257.3
294.0
350.3
348.0
331.7
325.5
306.0
300.7
276.0
244.9
3 506,1

Kjelde: NOAA (1977–1991)[4]


Økonomi |


Sharjah by er kjend for bruktbilmarknaden i Abu Shagara-området, som vert hevda å vere den største i Midtausten. Sharjah er hovudkvarteret til Air Arabia, det første lågpris-flyselskapet i Midtausten, som opererer i Midtausten, Asia og Europa. Hovudkontoret er i Sharjah Freight Center,[5] på området til Sharjah internasjonale lufthamn.[6]



Utdanning |


Det finst fleire offentlege og private skular i tillegg til universitet i Sharjah, som Universitetet i Sharjah, American University of Sharjah, Troy universitet – ITS Sharjah, Skyline College Sharjah, Sharjah høgskule for menn og Sharjah høgskule for kvinner.



Idrett |





One Day International ved Sharjah i 1998 (Australia mot India).


Sharjah cricketstadion har vore vertskap for nesten 218 One Day International-kampar innan cricket, meir enn nokon annan stad, og fire test-kampar. Av fotballag i byen finn ein Al Sharjah og Al-Shaab i førstedivisjon, og Al Hemriah, Al The-aed, Al Khaleej og Dibba i andredivisjon.


Sharjah Grand Prix er eit løp i Formel 1-båtar ved Al Buhaira Corniche i Sharjah som vert halde kvart år.



Venskapsbyar |



  • Flagget til Spania Granada i Spania[7]


Galleri |




Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Sharjah» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2016.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. «About Sharjah». This is sharjah. Arkivert frå originalen 13. september 2016. 


  2. «Sharjah’s turisme focus is all about islamic culture». The National. 17. desember 2013. Henta 13. september 2016. 


  3. «Sharjah & Dependencies Stamps and Postal Stationery Site». Ohmygosh.on.ca. Henta 19. september 2016. 


  4. «Climate Normals for Charjew». National Oceanic and Atmospheric Administration. Henta 10. februar 2013. 


  5. «Contact Info». Air Arabia. Henta 19. september 2016. 


  6. «Low cost & regionals: Arabian pioneers». Flightglobal.com. 23. april 2007. Henta 19. september 2016. 


  7. «Sultan attends signing of Sharjah-Granada sister city agreementUAE – The Official Web Site – News». Uaeinteract.com. Henta 19. september 2016. 







Bakgrunnsstoff |




  • Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Sharjah frå Wikivoyage


  • (ar) Offisiell nettstad

  • Sharjah Media











Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva