Indianarbekkasin









































Indianarbekkasin

Status i verda: LC Livskraftig


Indianarbekkasin Foto: Sean Breazeal
Indianarbekkasin
Foto: Sean Breazeal


Systematikk

Rike:

Animalia

Rekkje:

Chordata

Klasse:

Aves

Orden:

Charadriiformes

Familie:

Scolopacidae
Slekt:
Gallinago

Art:

G. delicata

Namn på andre språk


  • Engelsk: Wilson's Snipe

    • Bokmål: Indianerbekkasin




  • Vitskapleg namn
    Gallinago delicata

    Ord, 1825


    Indianarbekkasin (Gallinago delicata) er ein mellomstor, tettvaksen vadefugl i snipefamilien med eit langt nebb. Arten har utbreiing frå nordlege Sør-Amerika og nordover over det meste av Mellom-Amerika, Karibia og Nord-Amerika. Denne bekkasinen var tidlegare rekna som ein underart av enkeltbekkasin (G. gallinago). Indianarbekkasin skil seg frå enkeltbekkasin i å ha ein smalare kvit bakkant på vengene, og åtte par halefjører i staden for dei typiske sju hos enkeltbekkasin.[1]



    Skildring |


    Vaksne er 26-28 centimeter i lengd med 40-47 cm vengespenn.[2] Dei har korte, skittengule bein og eit særs langt, rett og mørkt nebb. Kroppen er spraglete brun på oversida og bleik under. Dei har eit mørkt augestrek, med lyse striper over og under den. Vengene er spisse. Kjønna er mykje like, men hofuglar har lengre nebb og kortare hale enn hannfuglar. Fjørdrakta for vaksne endrar seg ikkje gjennom sesongane. Dette er godt kamuflerte fuglar, dei er vanlegvis sky og skjuler seg i vegetasjonen. Om dei flyg opp skjer det med ein serie av retningsendringar for å forvirre predatorar.


    Arten hekkar over det meste av Alaska og Canada, unntatt øyane i det kanadiske polararkipelet. Dessutan i nordlege USA. Dei er flyttfuglar, trekker til Nord-Amerika sør for hekkeområdet, Mellom-Amerika, Karibia, Colombia og Venezuela. I nordvestlege og sentrale USA kan indianarbekkasinar leve året rundt. Habitata for denne arten er prega av opne, myrlendte eller graskledde område gjerne nær innsjøar og elver, også i taiga lengst nord, men dei unngår tett vegetasjon. I Sør-Amerika òg i páramo økosystem opp mot 4000 moh.


    Dei beitar i mjuk gjørme, søker djupt med nebbet utan å løfte det opp, eller plukkar opp mat ved synet. Føda er insektlarver, insekt, meitemark, blautdyr og plantematerialar.


    Akkurat som enkeltbekkasinen har hannen av indianarbekkasin fluktspel i hekkesesongen og gjer ein mekrande lyd.[3]


    Populasjonen av indianarbekkasin vart redusert mot slutten av det 1800-talet av jakt og habitatøydelegging. Han er i dag estimert til ca. 2 mill individ og er trudd å vere noko minkande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[4]



    Kjelder |



    • Denne artikkelen bygger på «Wilson's Snipe» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2016.


    Referansar




    1. «Wilson’s Snipe». Cornell Lab of Ornithology. Sitat The Wilson's Snipe typically has 16 tail feathers, whereas the common snipe has 14. 


    2. del Hoyo, J., Collar, N., Kirwan, G.M. & Sharpe, C.J. (2016). Wilson's Snipe (Gallinago delicata) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 25. september 2016


    3. Opptak av læte tilgjengeleg frå xeno-canto.org


    4. BirdLife International (2016) Species factsheet: Gallinago delicata. Henta frå http://www.birdlife.org den 25. september 2016




    Bakgrunnsstoff |




    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Indianarbekkasin



    • «Wilson's Snipe, Identification, All About Birds - Cornell Lab of Ornithology». Henta 2016-09-25. 



    Popular posts from this blog

    What are all the squawk codes?

    What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

    Hudsonelva