Cirrostratus

Multi tool use
Cirrostratus
|
Høgd
|
Over 6000 m
|
Utsjånad
|
Kvitt fiberaktig slør
|
Nedbørsky?
|
Av og til virga
|
Forkorting
|
Cs
|
Cirrostratus skyer eller slørskyer består av iskrystallar. Skyene er kvitaktige og dannar eit fiberaktig slør som ofte dekker heile himmelen. Av og til er dei så tynne at dei så vidt er synlege. Desse skyene blir danna i høgder over 6000 m (20 000 ft) ved at luft blir løfta i stor skala til høgder der den kondenserer til iskrystallar. Dei kan vere eit teikn på at ein vêrfront nærmar seg, særleg visst dei byggjer seg opp frå ein retning (såkalla opptrekksskyer). Dermed kan det ventast nedbør det neste døgnet når slike skyer er observert.
Ein skil mellom fleire former for cirrostratus. Dei vanlegaste er fibratus og nebulosis. Fibratus består av lange, tynne trådar som dekker eit stort område av himmelen. Den jamne overflata på desse skyene skuldast at iskrystallane blir fanga av sterk og stabil høgdevind.
Nebulosis er svært tynne skyer, og manglar fiberstrukturen som vi finn i andre cirrusskyer. Ofte kan det einaste ein merkar i samband med slike skyer vere ein svak reduksjon i solinnstrålinga.
Når sollyset skin igjennom cirrostratusskyer blir lyset brote, og det kan oppstå ein halo. Dette er ein lysande ring rundt sola, og har ein vinkelradius på ca. 22°. Det er også mogeleg å sjå sekundære haloar med større radius.
Av og til kan det snø frå cirrostratus, men snøen fordampar lenge før den når ned til bakken. Dette blir kalla virga. Cirrostratus kan føre til lett turbulens, men har vanlegvis lite å seie for flytrafikken.
Bakgrunnsstoff |
- National Science Digital Library – Cirrostratus
Skytypar
|
Høge skyer (Type A) |
Cirrus (Ci) • Cirrus uncinus • Cirrus Kelvin-Helmholtz • Cirrostratus (Cs) • Cirrocumulus (Cc) • Pileus • Kondensstriper
|
Midlare skyer (Type B) |
Altostratus (As) • Altostratus undulatus • Altocumulus (Ac) • Altocumulus undulatus • Altocumulus makrellsky • Altocumulus castellanus • Altocumulus lenticularis
|
Låge skyer (Type C) |
Stratus (St) • Orografisk stratus • Nimbostratus (Ns) • Cumulus humilis (Cu) • Cumulus mediocris (Cu) • Stratocumulus (Sc) |
Konvektive skyer (Type D): |
Cumulonimbus (Cb) • Cumulonimbus incus • Cumulonimbus calvus • Cumulonimbus med mammatus • Cumulus congestus • Pyrocumulus
|
Andre skytypar |
Nattlysande skyer • Perlemorskyer
|
E7 usi eXUt2,BAbIu,MkBTM,SZN2ZLfk5jOTG7 Ve3rUbC6nb,Xb mBi 0cdY1bX9O2XN x7UC,stAlG 5kcDnX9UWl9,eki,JmwK
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...