Planteolje




Planteolje eller vegetabilsk olje er ein type feit olje vunne ut frå plantar, hovudsakleg frå frø og frukter.
Planteoljer kan brukast til matlaging i hushald og i næringsmiddelindustrien og som råstoff for kjemisk industri til å laga produkt som såpe, måling og linoleum.


Ei rekkje ulike planteprodukt kan brukast til å laga olje, til dømes soyabønner, jordnøtter, bomullsfrø, solsikkefrø, rapsfrø, linfrø, oliven, kopra (frå kokosnøtter), palmekjerner og palmefrukt. Dei fleste planteoljer har eit høgt innhald (30–60 %) av den essensielle feittsyra linolsyre.


Eit unntak er kokosfeitt og palmekjernefett, som hovudsakleg inneheld metta feittsyrer; palmeolje, som inneheld oljesyre og palmitinsyre; olivenolje, som inneheld oljesyre; og linolje med 45–50 % linolensyre.



Sjå òg |



  • Jordnøttolje

  • Olivenolje


  • Kokosolje (kokosfeitt)

  • Linolje

  • Sesamolje

  • Valmueolje



Kjelder |




  • «Planteoljer» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 13. juli 2015.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Planteolje







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva