Trollebø
Koordinatar:
Trollebø | |
bygd | |
Land | Noreg |
---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommune | Vågsøy |
Postnummer | 6718 |
Trollebø er ei bygd i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane fylke. Ho ligg på fastlandssida av Ulvesund.
Bygda er ein del av poststaden Deknepollen (6718). Denne poststaden omfattar alle bygdene på fastlandet av kommunen inn til Almenning. Postkontoret er no lagt ned, men adressa vert framleis brukt. Området Deknepollen vart saman med bygda Holvik på Vågsøya bydelar i samband med opprettinga av byen Måløy. I bygda ligg Ulvesund Fórmelfabrikk.
Bygdene Trollebø, Kulen, Degnepoll, Tennebø, Skavøypoll, Blålid og Nygård har nærast vokse i hop grunna auke i busetnad.
Trollebø er òg eit etternamn med om lag 64 brukarar.