Karoline Grøvdal
Karoline Grøvdal | |
| Fødd | 14. juni 1990 Ålesund |
| Yrke | langdistanseløpar, mellomdistanseløper, friidrettsutøvar |
Karoline Grøvdal på Commons | |
Karoline Bjerkeli Grøvdal varmar opp til Bislett Games i 2010.
Karoline Bjerkeli Grøvdal (fødd 14. juni 1990) er ein norsk friidrettsutøvar frå Isfjorden i Rauma kommune, som tok bronsemedaljen på 10 000 meter under EM i friidrett 2016. Den tidlegare langrennsløparen Håvard Bjerkeli er syskenbarnet hennar.
Innhaldsliste
1 Aktiv
2 Resultat (utval)
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Aktiv |
Karoline Bjerkeli Grøvdal representerer Sportsklubben Vidar. Tidlegare tevla ho innan både langrenn, motbakkeløp, hinder og langdistanseløp, men har dei siste åra konsentrert seg meir om friidretten. Ho er utdanna ved Norges Toppidrettsgymnas på Lillehammer.[1]
I oktober 2009 vart Bjerkeli Grøvdal kåra til årets «Rising Star» av det europeiske friidrettsforbundet etter dei to gullprestasjonane sine frå U20 EM i Novi Sad. Fleire år har Kondis gjeve henne gullskostatuettar som Årets løpar.[1]
Etter å ha klart B-kravet til OL vart Bjerkeli Grøvdal teken ut som norsk OL-deltakar til sommar-OL 2012 i London. Dette vart avgjort under det siste OL-uttaket den 9. juli.[2] Her sette ho ny personleg rekord på 5000 meter, men rauk ut likevel.[3] Dette var fyrste gongen Karoline deltok i OL.
Resultat (utval) |
- 2006 – NM senior – gullmedalje – 3000 meter hinder (tid: 9.33,19 - Noregsrekord)
- 2006 – Junior VM i Beijing – 5.plass – 3000 meter hinder
- 2007 – U20 EM, Gullmedalje, 3000 meter hinder
- 2008 – NM i friidrett Gullmedalje – 5000 meter (tid: 16.08,22)
- 2009 – NM i terrengløp, Trondheim – gullmedalje – 2000 meter (tid: 6.23,2)
- 2009 – NM i motbakkeløp, Geiranger – gullmedalje
- 2009 – U20-EM i Novi Sad – Gull 5000 meter og gull på 3000 meter hinder
- 2009 – NM i friidrett – Gullmedalje – 3000 meter hinder (tid: 9.52,06),
- 2009 – NM i terrengløp 6km Jessheim – gullmedalje
- 2010 – NM i friidrett – Gullmedalje – 5000 meter (tid: 15:49.61)
- 2010 – NM i friidrett – Gullmedalje – 3000 meter hinder
- 2010 – NM i terrengløp - gullmedalje - kort løype (2 km), stafett (2+4+2 km) og lang løype (6 km)
Kjelder |
↑ 1,01,1 Kondis.no: Karoline Bjerkeli Grøvdal - Årets løper mot nye mål
↑ NRK Møre og Romsdal, 09.07.12: Bjerkeli Grøvdal: -Nei, eg har ikkje landa heilt enno
↑ Nrk.no, 07.08.12: Rauk, men tok ny personleg rekord
Bakgrunnsstoff |
- Profil og resultatliste hjå Iaaf
- Profil hjå European Athletics