Pliensbachium
Pliensbachium er ein alder i epoken tidleg jura. Han varte frå 189,6 ± 1,5 til 183 ± 1,5 millionar år sidan.
Alderen er kalla opp etter byen Pliensbach, om lag 30 km aust for Stuttgart i Tyskland. Mineral og fossil frå regionen er på utstilling i eit museum i Göppingen. Pliensbachium enda med ei masseutrydding kalla den toarkiske omveltinga.
I Europa vert denne perioden òg stundom kalla mellom lias.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Pliensbachian» frå Wikipedia på engelsk, den 24. august 2008.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
GeoWhen Database - Pliensbachian
Jura | ||
---|---|---|
Tidleg/nedre jura | Mellomjura | Øvre/sein jura |
Hettangium | Sinemurium Pliensbachium | Toarcium | Aalenium | Bajocium Bathonium | Callovium | Oxfordium | Kimmeridgium Tithonium |