Mondego
Rio Mondego er den lengste elva som berre renn innanfor grensene til Portugal. Ho har kjelda si i Serra da Estrela, den høgaste fjellkjeda i fastlands-Portugal og renn 234 km frå kommunen Gouveia (1425 moh) i Serra da Estrela til munningen i Atlanterhavet ved byen Figueira da Foz. Ho renn gjennom byane Penacova, Coimbra og Montemor-o-Velho.
Galleri |
Breidda av Mondego i Coimbra.
Rainha Santa-brua over Mondego.
Mondego i Coimbra om kvelden
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Mondego» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juni 2008.
|