10. desember
10. desember er den 344. dagen i den gregorianske kalenderen (345. under skotår). Det er 21 dagar att av året.
Innhaldsliste
1 Merkedag
1.1 Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
1.2 Religiøs helgedag
1.3 Namnedag
1.3.1 Helgendag i den katolske kyrkja
2 Hendingar
2.1 Utlandet
2.2 Noreg
3 Fødde
4 Døde
Merkedag |
Dei sameinte nasjonane feirar Menneskerettsdagen.
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar |
Religiøs helgedag |
Bevegelege heilagdagar som fell på 10. desember i 2019:
Namnedag |
| Noreg | Judit og Jytte |
| Sverige | Malin og Malena |
| Danmark | Judith |
Helgendag i den katolske kyrkja |
- Eulalia av Mérida
Hendingar |
Utlandet |
1999: Den kroatiske diktatoren Franjo Tudjman døydde av kreft, noko som førte til ei demokratisk utvikling i Kroatia.
1869: Kvinner fekk stemmerett i Wyoming.
1941: Andre verdskrigen. Japan invaderte Filippinene
Noreg |
Nobels fredspris blir delt ut kvart år i Oslo rådhus
1947: Nordlandsbanen opna for trafikk til Lønsdal stasjon.
1993: Drammens teater brann.
1969: Linebåten «Ulstein 2» grunnstøytte og gjekk ned ved Runde på Sunnmøre. 6 døydde.
1971: Stortinget vedtek prøvesendingar med fargefjernsyn frå nyår 1972.

Odd Nordstoga
Fødde |
- Sjå òg Fødde den 10. desember.
1815: Ada Lovelace, britisk matematikar og den første dataprogrammeraren
1822: César Franck, belgisk komponist
1824: Aasta Hansteen, forfattar og målar
1830: Emily Dickinson, amerikansk diktar
1851: Melvil Dewey, amerikansk bibliotekar
1941: Per Vassbotn, journalist
1944: Oddgeir Bruaset, journalist og programskapar
1972: Odd Nordstoga, norsk musikar
Døde |
- Sjå òg Døde den 10. desember.
1198: Averroës (Ibn Rushd), maurisk matematikar
1603: William Gilbert, engelsk fysikar
1824: Peder Anker, norsk godseigar og statsminister
1865: Kong Leopold I av Belgia
1896: Alfred Nobel, svensk oppfinnar og innstiftaren av Nobelprisen
1936: Luigi Pirandello, italiensk forfattar
1967: Otis Redding, USA-amerikansk songar (flyulukke)
1975: Lars Christensen, norsk skipsreiar
1999: Franjo Tudjman, president av Kroatia
2006: Augusto Pinochet, chilensk statsleiar
< Desember > | |
|---|---|
< 1 · 2 · 3 · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · 29 · 30 · 31> |