Landfast havis i framgrunnen. Ross Island i bakgrunnen.
Ross Island er ei øy som er danna av fire vulkanar i Rosshavet nær det antarktiske kontinentet, utanfor kysten av Victoria Land i McMurdo Sound.
Innhaldsliste
1Geografi
2Oppdaging
3Krav
4Dyreliv
5Sjå òg
6Kjelder
7Bakgrunnsstoff
Geografi |
På grunn av vedvarande isdekke, vert øya stundom rekna som ein del av Antarktika. Ho har eit areal på 2460 km²; og berre ein liten del av øya er is- og snøfri. Den sørlegaste aktive vulkanen på jorda, Erebus (3794 moh), samt den sørlegaste sovande vulkanen Terror (3230 moh), ligg på øya. Dei vart namngjevne av James Clark Ross etter skip hans HMS «Erebus» og HMS «Terror». Det tredje høgaste fjellet på øya er Mount Bird, med Shell Glacier og Endeavour Piedmont Glacier i fjellsidene. Abbott Peak står mellom Mount Erebus og Mount Bird. Gamble Cone står aust på øya.
Trass i at øya er relativt lita, er ho den sjette høgaste øya i verda.
Oppdaging |
Sir James Clark Ross oppdaga øya i 1841, og ho vart seinare kalla opp etter han av Robert F. Scott.
Ross Island vart basen for mange tidlege ekspedisjonar i Antarktis. Ho var og er framleis den sørlegaste øya som er mogeleg å nå til sjøs. Hytter bygd av ekspedisjonane til Scott og Shackleton står framleis på øya og er i dag bevarte som historiske stader.
I dag står den newzealandske Scott Base på øya og her står òg den største busetnaden i Antarktis, U.S. Antarctic Program sin McMurdo Station. Greenpeace oppretta World Park Base på øya og dreiv denne i fem år frå 1987 til 1992.
Krav |
Ross Island ligg innanfor grensene til Ross Dependency, som er kravområdet til New Zealand i Antarktis.
Dyreliv |
Ross Island har ein koloni på kring ein halv million adeliepingvinar.
Sjå òg |
Composite Antarctic Gazetteer
Erebus hotspot
Erebus Ice Tongue
Antarktiske og subantarktiske øyar
Antarktiske øyar sør for 60 °S
Øyar i New Zealand
McMurdo Sound
Rosshavet
SCAR
kravområde i Antarktis
Air New Zealand Flight 901
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Ross Island» frå Wikipedia på engelsk, den 28. oktober 2012.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
LeMasurier, W. E.; Thomson, J. W. (eds.) (1990). Volcanos of the Antarctic Plate and Southern Oceans. American Geophysical Union. s. 512 pp. ISBN 0-87590-172-7.Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
Bakgrunnsstoff |
Map of Ross Island and Dry Valleys, NIWA New Zealand
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...