Leikanger





































Leikanger
stad

Skrivareiki.jpg

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Sogn og Fjordane

Kommune

Leikanger



Postnummer
6863 LEIKANGER

Innbyggjarnamn
Utaføring (felles for kommunen: Systrending)
Preposisjon

Leikanger


Leikanger er ein tettstad i Leikanger kommune i Sogn. Saman med Hermansverk dannar Leikanger ei bygd med meir eller mindre samanhengande busetnad som vert kalla Systrond [1]. Systrond eksisterer rett nok ikkje som offisielt namn og Statistisk Sentralbyrå nyttar nemninga Hermansverk/Leikanger[2] om den delen av bygda som tilfredsstiller deira krav til omgrepet tettstad. Bygda er sete for Sogn og Fjordane fylkeskommune og for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som held til i Statens hus Sogn og Fjordane (offisielt lokalisert til Hermansverk) som vart opna av moderniseringsminister Morten Andreas Meyer i mai 2005. Til saman bur det drygt 2 100 innbyggjarar på Systrond.


Hermansverk har i løpet av dei siste par tiåra teke over dei aller fleste sentrumsfunksjonane i bygda, og i dag (2007) er ein av dei viktigaste funksjonane på det gamle Leikanger sentrum (Hanehaug) kaien som har anløp av ekspressbåten mellom Sogn og Bergen
Ein annan viktig funksjon er Leikanger Fruktlager, samtidig ligg det òg bilverkstad, hotell og bilverkstad her.


Namnet Leikanger er opphavleg knytt til kyrkjestaden om lag ein kilometer aust for kaiområdet i retning Hermansverk, og namnet kjem av norrønt leik (kamp, leik) og vangr (slette, vang), noko som kan tyda på at staden har vore ein sentral møteplass i tidlegare tider der ein kanskje har møttest til idrett og eller tvekamp. Det er elles rike fornminnefunn frå både jarnalder og vikingtid i bygda.



Media |


Sogn Avis har hovudkontor på Leikanger.



Bakgrunnsstoff |



  • Fylkesmannen i Sogn og Fjordane om Statens Hus i Leikanger

  • www.noreg.no, portalen til offentleg informasjon i Noreg har kontor i Statens Hus i Leikanger


  • Fornminne frå Systrond på nettstaden til Leikanger kommune



Kjelder |





  1. Leikanger kommune om Systrond


  2. Statistisk Sentralbyrå, Tabell over tettstader




Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva