Den heroiske alderen for antarktisutforsking






Eit høgdepunkt under den heroiske tidsalder for antarktisutforsking: Roald Amundsen og mennene hans heisar det norske flagget på Sørpolen i desember 1911.


Den heroiske alderen for antarktiskutforsking skildrar ein epoke som strekte seg frå slutten av 1800-talet til tidleg 1920-talet.[1] Gjennom denne 25-årsperioden vart det antarktiske kontinentet fokuset for ein internasjonal innsats som resulterte i vitskapleg og geografisk utforsking, og seksten store ekspedisjonar vart sett i gang frå åtte ulike land.[2] Felles for desse ekspedisjonane var avgrensinga på tilgjengelege ressursar før framsteg i transport- og kommunikasjonsteknologien revolusjonerte arbeidet under utforskinga.[3][4] Dette tydde at kvar ekspedisjon vart ein bragd av uthald som testa dei personlege fysiske og mentale grensene, og nokre gonger utover. Det «heroiske» merket, tilkjent seinare, anerkjende motgangen som måtte overvinnast av desse pionerane. Mange overlevde ikkje denne røynsla, og 17 medlemmar omkom i løpet av denne perioden.


I løpet av desse ekspedisjonane vart både den geografiske og magnetiske Sørpolen nådd.[5] Det å vere først til Sørpolen var eit primært mål i nokre av ekspedisjonane, og var den einaste grunngjevinga for Roald Amundsen sitt vågestykke. Men dette var ikkje det einaste aspektet av polarforsking på denne tida; andre ekspedisjonar jobba med definerte mål i ulike område av kontinentet. Som eit resultat av all denne aktiviteten vart store delar av kystlinja til kontinentet oppdaga og kartlagt, og store delar av innhaldet vart utforska. Ekspedisjonane genererte òg store mengder vitskaplege data og prøver over eit breitt spekter av vitskaplege område. Eksaminasjonen og analysane heldt dei vitskaplege miljøa i verda oppteke i fleire tiår.[6]




Innhaldsliste






  • 1 Opphav


  • 2 Ekspedisjonar under den heroiske tidsalderen for antarktiskutforsking, 1897–1922


  • 3 Dødsfall på ekspedisjonar under den heroiske tidsalderen


  • 4 Slutten på den heroiske tidsalder


  • 5 Sjå òg


  • 6 Noter og referanser


  • 7 Kilder


    • 7.1 Bøker


    • 7.2 Nettkjelder







Opphav |




Sir John Murray


Den opphavlege drivkrafta for den heroiske tidsalderen for antarktiskutforsking kom frå eit foredrag i Royal Geographical Society i London i 1893. Foredraget vart halde av professor John Murray frå Challengerekspedisjonen, som hadde seglt til antarktiske farvatn i 1872–76, og han foreslo at ein ny antarktisk ekspedisjon burde organiserast for å «løyse dei uteståande geografiske spurnadane som framleis låg i sør».[7] I august 1895 vedtok den sjette internasjonale geografiske kongressen i London ein generell resolusjon, og oppfordra vitskaplege samfunn over heile verda til å promotere «saka» antarktiske ekspedisjonar «på den måten som synest dei mest effektive».[8]
Slikt arbeid ville «bringe tillegg til nesten alle greiner av vitskapen».[8] Kongressen hadde vorte adressert av nordmannen Carsten Borchgrevink som nyleg hadde returnert frå ein kvalfangstekspedisjon, og der han hadde vore ein av dei første til å setje føtene på det antarktiske fastlandet. Gjennom denne adresseringen skisserte Borchgrevink planar for ein fullskala banebrytande antarktisk ekspedisjon, som skulle vere basert i Cape Adare.[9]


Den heroiske tidsalderen vart likevel sett i gang av ein ekspedisjon lansert av den belgiske geografiske samskipnaden i 1897, og Borchgrevink følgde eitt år seinare med ein privat sponsa ekspedisjon..[10][11]


Nemninga «heroisk tidsalder» kom seinare; omgrepet er ikkje brukt i nokre av dei tidlege ekspedisjonane sine utreiingar eller memoarar, heller ikkje i biografiar om polare skikkelsar som dukka opp i 1920- og 1930-åra. Det er ikkje klårt når omgrepet vart oppfunnen eller teke i bruk generelt; det vart brukt i mars 1956 av den britiske oppdagingsreisande Duncan Cares, som skreiv i The Times. Då han skildra den første kryssinga av Sør-Georgia i 1916, skreiv han om «tre menn frå den heroiske tidsalderen for antarktiskutforsking, med 50 fot med tau mellom seg, og ei snekkers skarøks».[12]



Ekspedisjonar under den heroiske tidsalderen for antarktiskutforsking, 1897–1922 |


Merknader



  1. Samandraga i tabellen inkluderer ikkje det vitskaplege arbeidet som vart utført av desse ekspedisjonane, som kvar førte tilbake funn og prøver over eit breitt spekter av fagområda.

  2. Tabellen inkluderer ikkje dei mange kvalfangstekspedisjonane som fann stad i denne perioden, eller subantarktiske ekspedisjonar som til dømes den til Carl Chun i 1898–99, som ikkje passerte den antarktiske sirkelen. [13]


Den avbrotne Cope-ekspedisjonen i 1920–22, som kollapsa gjennom manglande finansiering, er òg utelate, sjølv om to menn var vart sett i land frå ein norsk kvalfangar og var eit år på den antarktiske halvøya.[14]


  1. † syner til at leiaren omkom under ekspedisjonen.




































































































































































Tidspunkt
Land
Ekspedisjonsnamn
Skip
Leiar
Oppsummering
Referansar

1897–99


Flagget til Belgia
Belgia


Belgica-ekspedisjonen

«Belgica»

Adrien de Gerlache
Adrien de Gerlache
Dette var den første ekspedisjonen som overvintra innanfor den antarktiske sirkelen, etter at skipet sette seg fast i Bellingshausenhavet. Ekspedisjonen samla dei første årlege syklusane av antarktiske observasjonar. Dei nådde òg 71°30'S, og oppdaga Gerlachesundet.

[15][16][17]

1898–1900


Det britiske flagget
Storbritannia


Southern Cross-ekspedisjonen

«Southern Cross»


Carsten Borchgrevink
Carsten Borchgrevink

Den første ekspedisjonen som overvintra på det antarktiske fastlandet (Cape Adare) og den første til å ta i bruk hundar og sledar. Ekspedisjonen utførte den første klatringa av Great Ice Barrier,[18] og sette ein Farthest South-rekord ved 78°30'S. Den magnetiske Sørpolen vart òg kalkulert.

[19][20][21]
1901–04


Det britiske flagget
Storbritannia


Discovery-ekspedisjonen

«Discovery»
«Morning» (frigjeringsskip)
«Terra Nova» (frigjeringsskip)


Robert Falcon Scott
Robert Falcon Scott

Gjennomførte den første oppstiginga av dei vestlege fjella i Victoria Land, og oppdaga polarplatået. Den sørlege ferda setje ein ny Farthest South-rekord ved 82°17'S.[22] Mange andre geografiske eigenskapar vart kartlagt og namngjevne. Dette var den første av mange ekspedisjonar med base i McMurdo Sound.

[23][24][25]
1901–03


Flagget til Tyskland
Tyskland


Gauss-ekspedisjonen

«Gauss»


Erich von Drygalski
Erich von Drygalski

Den første ekspedisjonen til å undersøkja det austlege Antarktis. Dei oppdaga kysten av Keisar Wilhelm II Land, og Gaussberg. Skipet til ekspedisjonen vart fanga i isen og hindra meir omfattande undersøkingar.

[26][27][28]
1901–03


Flagget til Sverige
Sverige


Den svenske antarktisekspedisjonen

«Antarctic»


Otto Nordenskjöld
Otto Nordenskjöld

Denne ekspedisjonen arbeidde i dei austlege kystområda av Graham Land. Dei vart liggjande vêrfast på Snow Hill Island og Paulet Island i Weddellhavet etter senkinga av skipa til ekspedisjonen. Dei vart redda av det argentinske marinefartøyet «Uruguay».

[29][30][31]
1902–04


Det britiske flagget
Storbritannia


Scotia-ekspedisjonen
«Scotia»


William Speirs Bruce
William Speirs Bruce

Den permanente vêrstasjonen Orcadas i Sør-Orknøyane vart etablert. Wedellhavet vart passert til 74°01'S, og kysten av Coats Land vart oppdaga ved å definere dei austlege grensene til sjøen.

[32][33]
1903–05


Flagget til Frankrike
Frankrike


Charcots første ekspedisjon

«Français»


Jean-Baptiste Charcot
Jean-Baptiste Charcot

Opphavleg meint som ein frigjeringsekspedisjon for den stranda gruppa til Nordenskjöld. Det viktigaste arbeidet ved denne ekspedisjonen var kartlegging og grafisk framstilling av øyar og den vestlege kysten av Graham Land, på Den antarktiske halvøya. Ein del av kysten vart utforska og oppkalt Loubetkysten etter Frankrikes president.

[34][35][36]
1907–09


Det britiske flagget
Storbritannia


Nimrod-ekspedisjonen

«Nimrod»


Ernest Shackleton
Ernest Shackleton

Den første ekspedisjonen leia av Shackleton. Basert i McMurdo Sound vart dette ein pioner for Beardmorebreruta til Sørpolen. Den sørlege reisa nådde 88°23'S, ein ny «Farthest South»-rekord 97 nautiske mil frå Sørpolen. Den nordlege gruppa nådde lokaliseringa til den magnetiske Sørpolen.

[37][38][39]
1908–10


Flagget til Frankrike
Frankrike


Charcots andre ekspedisjon

«Pourquoi-Pas?»


Jean-Baptiste Charcot
Jean-Baptiste Charcot

Denne ekspedisjonen fortsette arbeidet til den tidlegare franske ekspedisjonen med ei generell utforsking av Bellinghausenhavet og oppdaginga av øyar og andre førekomstar, inkludert Marguerite Bay, Charcot Island, Renaud Island, Mikkelsen Bay og Rothschild Island.

[34][36][40]
1910–12


Flagget til Japan
Japan


Den japanske antarktisekspedisjonen
«Kainan Maru»


Nobu Shirase
Nobu Shirase

Den første ikkje-europeiske ekspedisjonen gjennomførte ei utforsking av kysten ved King Edward VII Land, og undersøkte den austlege delen av Rossbarrieren. Gruppa nådde 80°5'S.

[41][42]
1910–12


Flagget til Noreg
Noreg


Fram-ekspedisjonen

«Fram»


Roald Amundsen
Roald Amundsen

Først til Sørpolen: Amundsen sette opp leir på Rossbarrieren, ved Hvalbukta. Han oppdaga ei ny rute til polarplatået, via Axel Heibergbreen. Ei gruppe på fem, leia av Amundsen, nådde Sørpolen via denne ruta 14. desember 1911.

[43][44][45]
1910–13


Det britiske flagget
Storbritannia


Terra Nova-ekspedisjonen

«Terra Nova»


Robert Falcon Scott
Robert Falcon Scott
Scotts siste ekspedisjonen hadde, som den første ekspedisjonen, base i McMurdo Sound. Scott og fire følgjesveinar nådde Sørpolen via Beardmoreruta 17. januar 1912, 33 dagar etter Amundsen. Alle fem døydde på heimvegen på grunn av ein kombinasjon av svolt og kulde.

[46][47][48]
1911–13


Flagget til Tyskland
Tyskland


Den andre tyske antarktisekspedisjonen
«Deutschland»


Wilhelm Filchner
Wilhelm Filchner

Målet var den første kryssinga av Antarktis. Ekspedisjonen gjorde den sørlegaste passeringen av Weddellhavet til dags dato, og nådde 77°45'S. Dei oppdaga Luitpoldkysten, Filchner-Ronneisen og Vahselbukta. Dei klarte å etablere ein landbase for å førebu den transkontinentale marsjen, og etter ei lang drift i pakkisen ved Weddellhavet returnerte dei til Sør-Georgia.

[31][49][50]
1911–14


Flagget til Australia
Australia


Den australasiatiske antarktisekspedisjonen

«Aurora»


Douglas Mawson
Douglas Mawson

Ekspedisjonen konsentrerte seg om strekninga av den antarktiske kysten mellom Cape Adare og Gauss Mountain, og gjennomførte kartlegging og undersøkingar på kyst- og innlandsterritorium. Funn inkluderte Samveldebukta, Ninnisbreen, Mertzbreen og Queen Mary Land.

[51][52][53]
1914–17


Det britiske flagget
Storbritannia


Endurance-ekspedisjonen

«Endurance»



Ernest Shackleton
Ernest Shackleton

Endå eit transkontinentalt kryssingsforsøk. Dei mislukkast i å setje i land kystgruppa ved Weddellhavet etter at «Endurance» vart fanga og knust i isen. Ekspedisjonen redda seg sjølv etter ei rekkje operasjonar, mellom anna ei lang drift på eit isflak, Shackleton si ferd i open livbåt, og den første kryssinga av Sør-Georgia.

[54][55]
1914–17


Det britiske flagget
Storbritannia


Rosshavsgruppa
Til støtte for Endurance-ekspedisjonen
«Aurora»


Aeneas Mackintosh
Aeneas Mackintosh †
Målet var å leggje opp depot over Rossbarrieren for å forsyne gruppa som kryssa frå Weddellhavet. Alle naudsynte depot vart lagt ut, men i prosessen omkom tre menn, mellom dei leiaren Mackintosh.
[56]
1921–22


Det britiske flagget
Storbritannia


Shackleton–Rowett-ekspedisjonen

«Quest»


Ernest Shackleton
Ernest Shackleton †
Vagt definerte mål inkluderte kartlegging av kysten, ei mogleg kontinental jordomsegling, etterforsking av sub-antarktiske øyar, og oseanografisk arbeid. Etter Shackleton døydde 5. januar 1922 fullførte «Quest» eit forkorta program før dei reiste heimover.

[57][58]


Dødsfall på ekspedisjonar under den heroiske tidsalderen |


Minst tjue menn døydde under antarktiske ekspedisjonar i løpet av den heroiske tidsalderen. Av desse døydde fire av sjukdomar som ikkje var relatert til deira antarktiske ekspedisjonar, og to døydde etter ulukker på New Zealand. Dei attverande omkom under tenesta på eller nær det antarktiske kontinentet.













































































































































































Ekspedisjon
Namn
Land
Dødsdato
Dødsstad
Årsak
Referansar

Belgica-ekspedisjonen

Carl August Wiencke

Flag of Norway.svg Noreg

22. januar 1898

Bransfieldstredet
Drukning
[59]
Émile Danco

Flag of Belgium (civil).svg Belgia

5. juni 1899

Bellingshausenhavet
Hjartesvikt, truleg av skjørbuk
[60]

Southern Cross-ekspedisjonen

Nicolai Hanson

Flag of Norway.svg Noreg

14. oktober 1899

Kapp Adare, Antarktis
Tarminfeksjon
[61]

Discovery-ekspedisjonen
Charles Bonnor

Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia

2. desember 1901

Lyttelton Harbour, New Zealand
Fall ned frå skipsmasta.

[62][63]
George Vince

Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia

11. mars 1902

Ross Island, Antarktis
Gled over isstup

Den svenske antarktisekspedisjonen

Ole Christian Wennersgaard

Flag of Norway.svg Noreg

7. juni 1903

Pauletøya
Hjertefeil
[64]

Scotia-ekspedisjonen
Allan Ramsey

Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia

6. august 1903

Sør-Orknøyane

Hjerteinfarkt
[65]

Terra Nova-ekspedisjonen

Edgar Evans

Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia

18. februar 1912

Beardmorebreen, Antarktis
Kulde og svolt

[66][67]
[68][69]
[70]

Lawrence Oats

Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia

17. mars 1912

Rossbarrieren, Antarktis
Kulde og svolt

Robert Falcon Scott

Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia

29. mars 1912
Rossbarrieren, Antarktis
Kulde og svolt

Edward Wilson

Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
29. mars 1912
Rossbarrieren, Antarktis
Kulde og svolt

Henry Bowers

Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
29. mars 1912
Rossbarrieren, Antarktis
Kulde og svolt
Robert Brissenden

Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia

17. august 1912
Admiralty Bay, New Zealand

Drukning

Den andre tyske antarktisekspedisjonen
Richard Vahsel

Flag of Germany.svg Tyskland Tyskland

8. august 1912

Weddellhavet

Syfilis

[50][71][72]

Den australasiatiske antarktisekspedisjonen

Belgrave Ninnis

Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia

14. desember 1912

King George V Land, Antarktis
Fall ned i ein sprekk
[73]

Xavier Mertz

Flag of Switzerland.svg Sveits

7. januar 1913
King George V Land, Antarktis

Matforgifting

Endurance-ekspedisjonen
(Rosshavsgruppen)
Arnold Spencer-Smith

Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia

9. mars 1916
Rossbarrieren, Antarktis
Kulde og skjørbuk

[74][75]

Aeneas Mackintosh

Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia

8. mai 1916

McMurdo Sound, Antarktis
Fall gjennom sjøisen
Victor Hayward

Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
8. mai 1916
McMurdo Sound, Antarktis
Fall gjennom sjøisen

Shackleton–Rowett-ekspedisjonen

Ernest Shackleton

Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia

5. januar 1922

Sør-Georgia
Hjarteinfarkt
[76]

Ytterlegare fire menn døydde kort tid etter at dei kom attende frå Antarktis (dette inkluderer ikkje dei som døde i aktiv teneste under første verdskrigen):




  • Herluf Kløvstad, ekspedisjonslege på Southern Cross-ekspedisjonen 1898–1900, døde av tyfoidfeber 28. desember 1900.[77]

  • Jorgen Petersen, styrmann på «Southern Cross», døde i 1900 på vei tilbake i skipet frå Australia.[78]

  • Bertram Armytage, eit medlem av Nimrod-ekspedisjonen, 1907–09, skaut seg sjølv, 12. mars 1910.[79]


  • Hjalmar Johansen, eit medlem av Amundsens ekspedisjon, 1910–12, skaut seg sjølv, 9. januar 1913.[80]



Slutten på den heroiske tidsalder |


Der finst ulike synspunkt på når den heroiske tidsalder for antarktiskutforsking enda. Shackletons Endurance-ekspedisjon er nokre gonger referert til som den siste ekspedisjonen i den heroiske tidsalderen.[81][82] Andre krønikeskrivarar forlengar tidsalderen til datoen Shackleton døydde, 5. januar 1922, og behandlar Shackleton-Rowett-ekspedisjonen eller «Quest»-ekspedisjonen, som Shackleton døydde under, som det siste kapittelet i tidsalderen. [1] I følgje Margerey og James Fissher, Shackletons biografar: «Viss det var mogleg å trekkje ein klår skillelinje mellom det som har vorte kalla den heroiske tidsalder for antarktiskutforsking og den mekaniske alderen, kunne Shackleton-Rowett-ekspedisjonen tene like godt som eit punkt som nokre ved å trekkje ei slik linje.»[3] Ein journalist som inspiserte skipet før ho seglte rapporterte «Gadgets! Gadgets! Gadgets overalt!».[3] Dette inkluderte trådlaust, eit elektrisk oppvarma kråkereir og ein «odograf» som kunne spore skipet og registrere fart. [3]






Den heroiske tidsalder for antarktiskutforsking var 'heroisk' fordi han var anakronistisk før han byrja, måla deira var abstrakt som ein påle, dei sentrale figurane var romantiske, mandige og feilaktige, dramaa som utspelga seg var moralske (for det tydde ikkje berre kva som vart gjort men korleis det vart utført), og ideala var nasjonal ære. Det eit tidleg testområde for dei nye nasjonane som Noreg og Australia, og det var staden for Europas største gisp før det sleit seg ut i den store krigen. — Tom Griffiths, Slicing the Silence: Voyaging to Antarctica









Sjå òg |


  • Liste over antarktisekspedisjoner


Noter og referanser |




  1. 1,01,1 «Antarctic History - The Heroic Age of Antarctic Exploration». Henta 28. mars 2013.  Parameteren |utgiver= er ikkje støtta av malen. (hjelp)


  2. Barczewski, s. 19. (Barczewski nemner eit tal på 14 ekspedisjonar)


  3. 3,03,13,23,3 Fisher, s. 449


  4. Huntford, s. 691 – «før maskinar tok over»


  5. Pearys krav om å ha nådd Nordpolen i 1909 vart allment akseptert på den tida – sjå Amundsen, s. 42 og Barczewski, s. 61–62. Det vart seinare gjenstand for tvistar – sjå Berton, s. 614–625.


  6. Døme: Dei vitskaplege resultata frå Scotia-ekspedisjonen, 1902–04, vart framleis publisert i 1920 (Speak, s. 100). 25 utgåver med resultat frå Terra Nova-ekspedisjonen, 1910–13, hadde vorte publisert innan 1925.(«British Antarctic Expedition 1910–13» (engelsk). Henta 28. mars 2013.  Parameteren |utgiver= er ikkje støtta av malen. (hjelp))


  7. Crane, s. 75


  8. 8,08,1 Borchgrevink, Carsten. «First on the Antarctic Continent» (engelsk). Henta 28. mars 2013.  Parameteren |utgiver= er ikkje støtta av malen. (hjelp); Parameteren |utgivelsesdato= er ikkje støtta av malen. (hjelp) s. 9–10


  9. Borchgrevink, Carsten. «First on the Antarctic Continent» (engelsk). Henta 28. mars 2013.  Parameteren |utgiver= er ikkje støtta av malen. (hjelp); Parameteren |utgivelsesdato= er ikkje støtta av malen. (hjelp) s. 4–5


  10. Jones, s. 59


  11. Nokre historier reknar Discovery-ekspedisjonen, som seglte ut i 1901, som den første reelle ekspedisjonen i den heroiske tidsalderen. Sjå «Mountaineering and Polar Collection – Antarctica» (engelsk). Henta 28. mars 2013.  Parameteren |utgiver= er ikkje støtta av malen. (hjelp)


  12. Carse, sitert av M. og J. Fisher, s. 389


  13. «Carl Chun Collection» (engelsk). Henta 28. mars 2013.  Parameteren |utgiver= er ikkje støtta av malen. (hjelp)


  14. «John Lachlan Cope's Expedition to Graham Land 1920–22» (engelsk). Henta 28. mars 2013.  Parameteren |utgiver= er ikkje støtta av malen. (hjelp)


  15. «Antarctic Explorers - Adrien de Gerlache» (engelsk). Henta 28. mars 2013.  Parameteren |utgiver= er ikkje støtta av malen. (hjelp)


  16. «Adrien de Gerlache, Belgica: Belgian Antarctic Expedition 1897–99». Cool Antarctica. Henta 28. mars 2013.  Den ukjende parameteren |dateformat= vart ignorert (hjelp)


  17. Huntford (Last Place on Earth) s. 64–75


  18. Great Ice Barrier vart seinare formelt kjent som Rossbarrieren. Det gamle namnet har vorte brukt i denne tabellen, i tråd nomenklaturen for den heroiske tidsalderen.


  19. «The Forgotten Expedition» (engelsk). Henta 28. mars 2013.  Parameteren |utgiver= er ikkje støtta av malen. (hjelp)


  20. «Borchgrevink, Carsten Egeberg (1864–1934)» (engelsk). Henta 28. mars 2013.  Parameteren |utgiver= er ikkje støtta av malen. (hjelp)


  21. Preston, s. 14


  22. Moderne kalkulasjonar av posisjonen, basert på fotografi, indikerte å ha nådd breiddegrad var 82°11'. Crane, s. 214–15 og Fiennes, s. 98.


  23. Preston, s. 57–79


  24. Crane, s. 253 (map); s. 294–95 (kart)


  25. Fiennes, s. 89


  26. «Erich von Drygalski 1865–1949». South-pole.com. Henta 23 September 2008.  Den ukjende parameteren |dateformat= vart ignorert (hjelp)


  27. «German National Antarctic Expedition 1901-03». Cool Antarctica. Henta 23 September 2008.  Den ukjende parameteren |dateformat= vart ignorert (hjelp)


  28. Crane, s. 307


  29. Goodlad, James A. «Scotland and the Antarctic, Section II: Antarctic Exploration». Royal Scottish Geographical Society. Henta 23 September 2008.  Den ukjende parameteren |dateformat= vart ignorert (hjelp)


  30. «Otto Nordenskjöld 1869–1928». South-pole.com. Henta 23 September 2008.  Den ukjende parameteren |dateformat= vart ignorert (hjelp)


  31. 31,031,1 Barczewski, s. 90


  32. «Scotland and the Antarctic, Section 5: The Voyage of the Scotia». Glasgow Digital Library. Henta 23 September 2008.  Den ukjende parameteren |dateformat= vart ignorert (hjelp)


  33. Speak, s. 82–95


  34. 34,034,1 Mills, William James. «Exploring Polar Frontiers». ABC-CLIO. Henta 23 September 2008.  Den ukjende parameteren |dateformat= vart ignorert (hjelp) s. 135–139


  35. «Jean-Baptiste Charcot». South-pole.com. Henta 28. mars 2013.  Den ukjende parameteren |dateformat= vart ignorert (hjelp)(Francais voyage)


  36. 36,036,1 «Jean-Baptiste Charcot, 1867–1936: Biographical Notes». Cool Antarctica. Henta 28. mars 2013.  Den ukjende parameteren |dateformat= vart ignorert (hjelp)


  37. «Scotland and the Antarctic, Section 3: Scott, Shackleton and Amundsen». Glasgow Digital Library. Henta 28. mars 2013.  Den ukjende parameteren |dateformat= vart ignorert (hjelp)


  38. Riffenburgh, s. 309–12 (summary of achievements)


  39. Huntford (Shackleton biography) p. 242 (map)


  40. «Jean-Baptiste Charcot». South-pole.com. Henta 28. mars 2013.  Den ukjende parameteren |dateformat= vart ignorert (hjelp)(Pourquoispas? voyage)


  41. Amundsen, Roald (1976). The South Pole, Vol II. London: C Hurst & Co. ISBN 0-903983-47-8. 


  42. «Nobu Shirase, 1861–1946». South-pole.com. Henta 28. mars 2013.  Den ukjende parameteren |dateformat= vart ignorert (hjelp)


  43. Amundsen, Vol I pp. 184–95; Vol II, s. 120–134


  44. Huntford (Last Place on Earth), s.446–74


  45. «Roald Amundsen». Norwegian Embassy (UK). Henta 25 September 2008.  Den ukjende parameteren |dateformat= vart ignorert (hjelp)


  46. Scott's Last Expedition Vol I pp. 543–46, s. 580–95


  47. Preston, s. 184–205


  48. «Explorer and leader: Captain Scott». National Maritime Museum. Henta 27 September 2008.  Den ukjende parameteren |dateformat= vart ignorert (hjelp)


  49. Huntford (Shackleton biography), s. 366–68


  50. 50,050,1 «Wilhem Filchner, 1877–1957». South-pole.com. Henta 28 September 2008.  Den ukjende parameteren |dateformat= vart ignorert (hjelp)


  51. Mills, s. 129 et seq.


  52. «Mawson, Sir Douglas 1882–1958». Australian Dictionary of Biography. Henta 28 September 2008.  Den ukjende parameteren |dateformat= vart ignorert (hjelp)


  53. «Douglas Mawson». Cool Antarctica. Henta 28 September 2008.  Den ukjende parameteren |dateformat= vart ignorert (hjelp)


  54. Shackleton, s. 63–85


  55. Alexander, s. 143–53


  56. Tyler-Lewis, s. 193–197


  57. Huntford (Shackleton), s. 684


  58. Fisher, s. 483


  59. Composite Gazetteer of Antarctica Den vitskaplege komiteen for antarktisforsking (SCAR). Katalognr. 16018



  60. Composite Gazetteer of Antarctica Den vitskaplege komiteen for antarktisforsking (SCAR). Katalognr. 3304



  61. «The Southern Cross Expedition». University of Canterbury, New Zealand. Henta 10 August 2008.  Den ukjende parameteren |dateformat= vart ignorert (hjelp) ("First Burial on the Continent" section)


  62. Crane, s. 137–38


  63. Crane, s. 165–66


  64. Jeff Rubin. Antarctica (engelsk). Lonely Planet. s. 265. ISBN 1740590945.  Parameteren |utgivelsesår= er ikkje støtta av malen. (hjelp)


  65. Speak, s. 88–89


  66. Scott, s. 572–73


  67. Scott, s. 592


  68. Preston, s. 203–05


  69. Huxley, s. 345–46


  70. Huxley, s. 389


  71. Riffenburgh, Beau (2006). «Encyclopedia of the Antarctic». Henta 12. desember 2008.  Parameteren |utgiver= er ikkje støtta av malen. (hjelp) s. 454


  72. Headland, Robert K. (1989). «Studies in Polar Research: Chronological List of Antarctic Explorations and Related Historical Events». Henta 9. november 2008.  Parameteren |utgiver= er ikkje støtta av malen. (hjelp); Parameteren |utgivelsessted= er ikkje støtta av malen. (hjelp) s. 252


  73. «Two of Antarctic Expedition Killed». New York Times. 26 February 1913. Henta 4. desember 2008. 


  74. Tyler-Lewis, s. 191


  75. Tyler-wis, s. 196–97; s. 240


  76. Alexander, s. 192–93


  77. Vogt, David. Vår glemte polarhelt - Carsten Borchgrevink og Southern Cross-ekspedisjonen 1898–1900. Aschehoug. s. 213. ISBN 978-82-03-29138-8.  Parameteren |utgivelsessted= er ikkje støtta av malen. (hjelp); Parameteren |utgivelsesår= er ikkje støtta av malen. (hjelp)


  78. «Norway's Forgotten Explorer». Antarctic Heritage Trust. Henta 10 August 2008.  Den ukjende parameteren |dateformat= vart ignorert (hjelp)


  79. Riffenburgh, s. 304


  80. Huntford (Last Place on Earth), s. 529


  81. Alexander, s. 4–5


  82. «Scotland and the Antarctic, Part 3» (engelsk). Henta 28. mars 2013.  Parameteren |utgiver= er ikkje støtta av malen. (hjelp)



Kilder |



Bøker |




  • Caroline Alexander (1998). The Endurance: Shackleton's Legendary Antarctic Expedition (engelsk). London: Bloomsbury Publishing. ISBN 0-7475-4123-X. 


  • Amundsen (1976). The South Pole, Vol II. London: C Hurst & Co. ISBN 0-903983-47-8.  Parameteren |first= er ikkje støtta av malen. (hjelp)


  • Stephanie Barczewski (2007). Antarctic Destinies. London: Hambledon Continuum. ISBN 978-1-84725-192-3. 


  • Pierre Berton (1988). Tha Arctic Grail. New York: Viking Penguin. ISBN 0-670-82491-7. 


  • Carsten Borchgrevink (1901). «First on the Antarctic Continent». George Newnes Ltd. 


  • David Crane (2005). Scott of the Antarctic: A Life of Courage, and Tragedy in the Extreme South. London: Harper Collins. ISBN 978-0-00-715068-7. 


  • Ranulph Fiennes (2003). Captain Scott. London: Hodder & Stoughton. ISBN 0-340-82697-5. 


  • Tom Griffiths (2007). Slicing the Silence:Voyaging to Antarctica. United States: Harvard University Press. ISBN 0-6740-2644-0 Sjekk |isbn=-verdien: checksum (hjelp). 


  • Robert K. Headland (1989). «Studies in Polar Research: Chronological List of Antarctic Explorations and Related Historical Events». 


  • Roland Huntford (1985). The Last Place on Earth. London: Pan Books. ISBN 0-330-82697-5 Sjekk |isbn=-verdien: checksum (hjelp).  Parameteren |first= er ikkje støtta av malen. (hjelp)


  • Roland Huntford (1985). Shackleton. London: Hodder & Stoughton. ISBN 0-340-25007-0. 


  • Leonard (ed.) Huxley (1913). Scott's Last Expedition, Vol. II. London: Smith, Elder & Co. 


  • J. Machat (1908). «The Antarctic Question - Voyages To The South Pole Since 1898». Annual Report of The Board Of Regents Of The Smithsonian Institution: 451–481. 


  • Max Jones (2003). The Last Great Quest. Oxford: Oxford University Press. ISBN 0-19-280483-9. 


  • Leif Mills (1999). Frank Wild. Whitby, Yorks: Caedmon of Whitby. ISBN 0-905355-48-2. 


  • Diana Preston (1997). A First Rate Tragedy. London: Constable & Co. ISBN 0-09-479530-4. 


  • Beau Riffenburgh (2006). «Encyclopedia of the Antarctic». Routledge. Henta 7. januar 2010. 


  • Beau Riffenburgh (2005). Nimrod. London: Bloomsbury Publishing. ISBN 0-7475-7253-4. 


  • Robert Falcon Scott (1913). Scott's Last Expedition, Vol I. London: Smith, Elder & Co. 


  • Ernest Shackleton (1984). South. London: Century Publishing. ISBN 0-7126-0111-2. 


  • Peter Speak (2003). William Speirs Bruce. Edinburgh: NMS Publishing. ISBN 1 901663 71 X. 


  • Kelly Tyler-Lewis (2007). The Lost Men. London: Bloomsbury Publishing. ISBN 978-0-7475-7972-4. 



Nettkjelder |




  • «Antarctic Explorers - Adrien de Gerlache» (engelsk). South-pole.com. 2008. Henta 28. mars 2013. 


  • «Adrien de Gerlache, Belgica: Belgian Antarctic Expedition 1897–99» (engelsk). Cool Antarctica. 2 December 2008. Henta 28. mars 2013.  Sjekk datoverdiar i |dato= (hjelp)


  • «Antarctic History - The Heroic Age of Antarctic Exploration» (engelsk). Cool Antarctica. 2 December 2008. Henta 28. mars 2013.  Sjekk datoverdiar i |dato= (hjelp)




  • «Borchgrevink, Carsten Egeberg (1864–1934)» (engelsk). Australian Dictionary of Biography Online Edition. 2006. Henta 28. mars 2013. 


  • «Carsten Borchgrevink (1864-1934)» (engelsk). South-pole.com. Henta 28. mars 2013. 


  • «British Antarctic Expedition 1910–13» (engelsk). Oxford Dictionary of National Biography. May 2008. Henta 28. mars 2013.  Sjekk datoverdiar i |dato= (hjelp)


  • «Carl Chun Collection» (engelsk). Archive Hub. Henta 28. mars 2013. 


  • «Erich von Drygalski 1865–1949» (engelsk). South-pole.com. 2008. Henta 28. mars 2013. 


  • «Explorer and leader: Captain Scott» (engelsk). National Maritime Museum. Henta 28. mars 2013. 


  • «Wilhem Filchner, 1877–1957» (engelsk). South-pole.com. 2008. Henta 28. mars 2013. 


  • «The Forgotten Expedition» (engelsk). Antarctic Heritage Trust. 29 November 2008. Henta 28. mars 2013.  Sjekk datoverdiar i |dato= (hjelp)


  • «German National Antarctic Expedition 1901-03» (engelsk). Cool Antarctica. 2 December 2008. Henta 28. mars 2013.  Sjekk datoverdiar i |dato= (hjelp)


  • «Scotland and the Antarctic, Section 2: Antarctic Exploration» (engelsk). Royal Scottish Geographical Society. 2003. Henta 28. mars 2013.  Parameteren |etternavn= er ikkje støtta av malen. Meinte du |etternamn=?) (hjelp); Parameteren |fornavn= er ikkje støtta av malen. Meinte du |fornamn=?) (hjelp)


  • «The Southern Cross Expedition» (engelsk). University of Canterbury, New Zealand. Henta 28. mars 2013.  Parameteren |etternavn= er ikkje støtta av malen. Meinte du |etternamn=?) (hjelp); Parameteren |fornavn= er ikkje støtta av malen. Meinte du |fornamn=?) (hjelp)


  • «John Lachlan Cope's Expedition to Graham Land 1920–22» (engelsk). Scott Polar Research Institute. Henta 28. mars 2013. 


  • «Mawson, Sir Douglas 1882–1958» (engelsk). Australian Dictionary of Biography. 2006. Henta 28. mars 2013. 


  • «Douglas Mawson» (engelsk). Cool Antarctica. 2 December 2008. Henta 28. mars 2013.  Sjekk datoverdiar i |dato= (hjelp)


  • «Mountaineering and Polar Collection – Antarctica» (engelsk). National Library of Scotland. 2007. Henta 28. mars 2013. 


  • «Norway's Forgotten Explorer» (engelsk). Antarctic Heritage Trust. 29 November 2008. Henta 28. mars 2013.  Sjekk datoverdiar i |dato= (hjelp)


  • «Nobu Shirase, 1861–1946» (engelsk). South-pole.com. 2008. Henta 28. mars 2013. 


  • «Otto Nordenskjöld 1869–1928» (engelsk). South-pole.com. 2008. Henta 28. mars 2013. 


  • «Roald Amundsen» (engelsk). Norwegian Embassy (UK). Henta 28. mars 2013.  Parameteren |etternavn= er ikkje støtta av malen. Meinte du |etternamn=?) (hjelp); Parameteren |fornavn= er ikkje støtta av malen. Meinte du |fornamn=?) (hjelp)


  • «The Voyage of the Challenger» (engelsk). Stony Brook University, N.Y. Henta 28. mars 2013. 
























Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva