Fyrbøtar






Ein fyrbøtar i arbeid på eit dansk damplokomotiv.




Fyrbøtaren framfor eldstaden på eit museumsdampskip.


Fyrbøtar er ein person som har som oppgåve å lempa brensle (ofte kol) inn i eldstaden på dampkjelar på til dømes damplokomotiv, damplastebilar, dampskip og liknande. Fyrbøtaren har òg andre oppgåver, som å passa på at det er nok vatn på kjelen, at damptrykket er rett osb. Damptrykket i kjelen ligg ofte i området 7 kPa til 2 MPa, så kokepunktet, og difor temperaturen på vatnet, ligg noko over normalkokepunktet på 100 °C. Om kjelen kokar tom, kan botnen i kjelen smelta og sleppa vatnet ned i eldstaden. Vatnet vil då bråfordampa og føra til at kjelen eksploderer. Kjeleeksplosjonar kan vera svært kraftige, og tidlegare førte dei ofte til dødsfall. Det er difor svært viktig at fyrbøtaren er nøye med å passa på at det er nok vatn på kjelen.







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva