University of Wisconsin–Madison































University of Wisconsin
BascomHill.JPG

Grunnlagt 1848
Type delstateigd
Stad
Madison i Wisconsin
Studentar 163 000 (2006)
Tilsette 32 000 (2006)
Nettstad www.Wisconsin.edu



Sandburg Residence Halls, Milwaukee.




U W - Madison.


University of Wisconsin er eit delstatseigd universitet med 15 campusar som inngår i University of Wisconsin System. Flaggskipuniversitetet er eit land-grant-universitet som ligg i Madison i delstaten Wisconsin i USA. Det vert ofte kalla UW Madison som Public Ivy-lærestad.


Universitetet vart oppretta i Madison i 1848. Tjue år seinare fekk denne lærestaden eiga jus-utdanning, og fleire campusar vart grunnlagt utover 1800-talet. Universitetssystemet oppstod 11.oktober 1971 ved samanslåing av University of Wisconsin og Wisconsin State University.


Dei elleve viktigaste lærestadane under UW som tildeler akademiske grader, er:



  • UW – Madison (1848) – 41 466 studentar

  • UW – Milwaukee (1956) – 28 309 studentar

  • UW – Oshkosh (1871) – 11 080 studentar

  • UW – Whitewater (1868) – 10 502 studentar

  • UW – Platteville (1866) – 6 732 studentar

  • UW – River Falls (1874) – 5 862 studentar

  • UW – Eau Claire (1916) – 10 505 studentar

  • UW – La Crosse (1909) – 9 818 studentar

  • UW – Stout, Menomonie (1891) – 8 327 studentar

  • UW – Superior (1893) – 2 924 studentar

  • UW – Stevens Point (1894) – 8 842 studentar

  • UW – Green Bay (1968) – 5 803 studentar

  • UW – Parkside, Kenosha (1968) – 4. 14 studentar


University of Wisconsin Law School i Madison er med sine 820 studentar den einaste offentlege jus-utdanninga i Wisconsin.


Ved universitetet var det 162 933 studentar og 32 000 tilsette i 2007, og same året var skulepengane frå om lag US$ 5 500 i snitt for studentar folkeregistrert i Wisconsin, avhengig av studiestad. Studiane vert gjeve opp til doktorgradsnivå i Madison og Milwaukee, elles til mastergad ved dei andre lærestadane.


Lærestaden får fjernvarme frå West Campus gasskraftverk, som yt 150 MW med kogenerasjon.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «University of Wisconsin» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mars 2013.



Bakgrunnsstoff |



  • University of Wisconsin

  • University of Wisconsin System

  • University of Wisconsin Law School

  • University of Wisconsin Law Library





Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?